Eg har ikkje noko behov for å delta i ein debatt med Naturverforbundet, men eg har heile livet levd av, med og i naturen, så eg kan gjerne kome med eit råd til Naturvernforbundet i M. og R.

Største motstandaren Naturvernforbundet har, er seg sjølve!

Ved å protestere på nesten alle forslag og planer som kan kome i kontakt med naturen, blir synspunkta Dykkar ikkje tekne på alvor, sjølv i dei sakene det ville være rett.

Det bør være eit tankekors for Folden og Rydjord at det kom berre ca.15 personar på hundreårsmarkeringa tidlegare i år. Dette på tross av stor omtale og kjente gjester, og at det heile skjedde i verdens beste kommune for naturglade menneske.

Torbjørn Bruaset