Verdas flyktningeproblem er enormt, på grunn av krig, terrorisme og svolt. Dei aller fleste flyktningane kjem til nabolanda, mange blir verande der, i fattige land med små ressursar. Berre eit svært lite tal flyktningar ønskjer seg til Noreg.

Noreg har aldri vore eit attraktivt land, sjølv om vi no er rike og har godt om plass. For vi er ikkje spesielt imøtekommande. «Vi må hjelpe dei der dei er», seier mange. Det er heilt rett. Mykje kan gjerast dersom vi får til eit europeisk samarbeid om dette, og med nok ressursar. Men ikkje alle kan hjelpast der dei er. Nokre vil ikkje kjenne seg trygge der dei er. Nokre få vil til Noreg, langt fleire til Sverige og enormt mange til Tyskland.

Under siste verdskrigen arbeidde far min illegalt mot den tyske okkupasjonsmakta, og då det etter kvart tok til å brenne under føtene hans, måtte han rømme til Sverige, i lag med mange tusen andre. I Sverige vart han vel motteken og fekk opplæring i politistyrkane der.Sverige hjelpte nordmenn der nordmenn var, med svenskepakkar og svenskehus. Men dei tok også imot alle flyktningane frå Noreg som kom dit. Ingen vart sende tilbake. Eg er glad for at far fekk komme dit, elles hadde kanskje ikkje eg vore til.

Å ta imot flyktningar i Noreg, og i Rauma, har med verdiar å gjere. Det må aldri bli eit reint økonomisk spørsmål, der vi veg kostnadar opp mot eigen nytte, - eller eigne problem.Rauma har busett svært få utlendingar, utanom europeiske arbeids-innvandrarar som er her så lenge dei har arbeid her. (Utan arbeidsinnvandring hadde folketalet i Rauma gått ned gjennom fleire år). Men vårt raumske fellesskap er ikkje spesielt fargerikt.Sunndal og Molde har teke imot mange flyktningar, og har greidd å busette dei, integrere dei så godt at dei alle fleste er i arbeid og såleis kan bidra til fellesskapet. Det er ingen grunn til at Rauma ikkje skal klare det same. Men det krev positive politiske vedtak, kreativ samspelsvilje og engasjement i lokalmiljøet. Mange organisasjonar kan gjere ein stor innsats i dette arbeidet. Som kommune og som menneske vil vi tene på det. Ingen skal vere i tvil om kvar Rauma SV står i dette spørsmålet.

Per Arne Skomsø

SV sin 2. kandidat til kommunevalet 2015