Heilt sidan det vart snakk om sentralkjøkken i Rauma i 2008, har dette temaet vore oppe med jamne mellomrom.

Det er greitt å ha litt historikk med her, derfor kort oppsummering:

Rauma sjukeheim i Isfjorden har laga middag til bebuarane der og til Åndalsnes sjukeheim, sidan det ikkje er produksjonskjøkken ved sjukeheimen på Åndalsnes.

I 2010 vart det fremma forslag om at også omsorgssentera på Voll og Veøy skulle få mat frå sentralkjøkkenet. Løysinga på denne saka vart at Lars Wenaas og Wenaasgruppen donerte 1 million kroner til fortsatt drift ved kjøkkena på Voll og Veøy, fordi han meinte at kjøkkenfunskjonen ved omsorgssentra er så viktig for dei eldre.

I 2012 kom det nytt brev frå Wenaas, der han tilbyr å forlenge avtalen for 3 nye år, altså til 2016. Midt oppi dette kjem planene om nytt helsehus på Åndalsnes, og Lars Wenaas er også her ei stor drivkraft for å få dette til. Så dukkar spørsmålet om mat opp også her, og det er her vi har ei utfordring:Skal vi ha kjøkken i det nye helsehuset som skal produsere mat til bebuarane og dei som bur heime og har behov for middagsmat? Eller skal dette vere ei teneste vi kjøper av eksterne aktørar?I plana for det nye helsehuset er ikkje produksjonskjøkken teikna inn. Vedtaket om romplanen vart einstemmig vedtatt i kommunestyret, men Senterpartiet hadde eit tilleggsforslag om at vi måtte sjå på om det gjekk an å ha kjøkken i eit anna kommunalt bygg, eller bruke det vi allereie har investert mykje i - sentralkjøkkenet i Isfjorden. Dette vart nedstemt i kommunestyret.Men det skal tross alt produserast 200 middagsporsjonar kvar dag, 1400 porsjonar i veka, så det er ein del mat vi snakkar om!Kvifor skal vi ikkje ta oss råd til å inkludere dette viktige rommet i det splitter nye helsehuset?Kvifor skal maten til våre eldre kanskje produserast i Bergen og køyrast hit av Bring?

Rapporten frå Ressurssenter for omsorgstenester (RO) som har arbeidd med saka konkluderer med at produksjonskjøkken bør vere i eller i umiddelbar nærheit av helsehuset, evt i Isfjorden. For meg er det viktig å ha denne tenesta i Rauma, aller helst inne i det nye flotte bygget som helsehuset blir. Her har vi mulighet til å lage gode rom og planlegge trafikkale forhold, fordi vi har blanke ark!

Det er snakk om fleksibilitet - ha muligheit til å endre på planene dersom det kjem inn ein pasient med spesielle behov eller ønsker. Det er snakk om arbeidsplassar - kompetansearbeidsplassar - innan kokkefaget og ernæringsfaget.Kvifor skal vi la desse arbeidsplassane forsvinne ut av vår kommune?Ja, mat er medisin. Vi veit at tilstandar som ADHD og diabetes kan haldast i sjakk med diett. Mat er trøst, mat er kos i godt lag, mat er grunnlaget for vår fysiske og psykiske helse!

Det er tilrådd at maten skal lagast på kok-kjøl-prinsippet. Kva dette inneber, og korleis kvaliteten blir har eg ikkje så mykje kunnskap om. Eg vil tru at fersk middagsmat er det beste, men med strenge krav til temperatur på ferdig levert mat, er dette kanskje vanskeleg å få til.Det vil forundre meg om det ikkje ligg føringar eller tankar omkring matproduksjon frå Lars Wenaas i tilknytning til det nye helsehuset vårt. Vi må vakte oss for å gå for fort fram i denne saka, slik at vi ein stormfull dag blir sittande utan mat på helsehuset, mens Bring-sjåføren har 7000 middagsporsjonar ståande på bilen på glatta i Byrkjelo!

Mvh Magnhild VikRauma Senterparti