Det er ei fin oppsummering av dei fire siste åra Marit Nauste gir oss i avisa frå laurdag 16. mai.

Som representant for Senterpartiet er det godt å vite at dei fleste av tiltaka Nauste ramsar opp er einstemmige vedtak i kommunestyret:

Kvartal ein har jo som kjent vore arbeidd med over lang tid, men det var eit einstemmig vedtak om å kjøpe 9 kommunale omsorgsbustader som gjorde at utbyggar turte å sette i gang arbeidet.

Tindesenteret har også vore arbeidd med sidan 2007 , og vart starta opp med støtte fra Bolyst- prosjektet i regi av Kommunaldepartementet under den raudgrøne regjeringa i 2011. I kommunen vår var det einstemmig vedtak om å bygge dette flotte signalbygget. Senterpartiet ville gjerne ha med eit punkt her om at det skulle vere drift av toaletta til allmenn benyttelse ved hjelp av avgift, men dette punktet vart stemt ned.

Rådmannen hadde i 2013 eit forslag til samfunnsplan som til slutt også vart einstemmig vedtatt, sjølv om Senterpartiet gjerne ville auke potten til bygdeutviklingsmidlar med ein million, og behalde skulestrukturen i perioden.

Samfunnsplanen inneheld bl.a punkta om

• Forskjønning av sentrum 60 mill

• Bygdeutviklingsmidlar med 1,5 mill

• Satsing på turisme og næringsutvikling med totalt 8 mill

Barnehagegarantien var også alle partia i kommunestyret einige om, ideen kom vel frå Høgre, så vidt eg kan huske.

Utvikling av cruisekaia og bygging av ein duc d›albe for mottak av større skip har vore arbeidd med sidan 2009 i samarbeid med Molde og Romsdal Havn IKS, og det er svært gledeleg at den står ferdig no i sommar.

Når det gjeld Kommunedelplan for Åndalsnes vart også her rådmannens forslag einstemmig vedtatt.

Det har vorte bygd og renovert skular i Rauma etter kvart som behova kom, og alle var einige om at det var Isfjorden sin tur å få oppgradert skulen. No når dette straks er i orden, er det Måndalen sin tur. Renovering av Måndalen skule står på trappene, dette stemte vi i Senterpartiet også for. Det vi ikkje er einige i vedtaket, er at Vågstranda skule skal vurderast nedlagt i samme prosess. Vi i Sp vil ha skulestrukturen som i dag, så lenge det er fagleg og sosialt forsvarleg. Vi meiner at dersom folk skal ville bu på bygdene, må det finnast grunnleggande tilbod til befolkninga der også. Skule og barnehage er viktige moment som blir vurdert når folk skal velge kor dei vil busette seg. Ja, det kostar pengar å ha ein desentralisert skulestruktur, men dersom det er det som skal til for at folk kjem flyttande eller vert verande, så er det vel anvendte pengar.

Eg deler også gleden over at utfordringane rundt Raumasenteret endeleg er løyste.

Det vart sett fokus på Parkeringsordning i sentrum i 2010, på grunn av at det var jobba aktivt med etableringa av Kvartal 1. Ei gruppe som besto av ein representant frå formannskapet, to frå planutvalet og to frå administrasjonen, anbefalte at det vart laga ei ordning med 3-timers parkering i sentrum. Plana vart vedtatt mot 10 stemmer frå Høgre, Raumapartiet, Venstre og FrP.

Mykje har skjedd etter dette vedtaket, men den parkeringsordninga som er gjennomført i dag, har svært mange element i seg av det som vart vedtatt i 2010.

Poenget mitt med å skrive såpass detaljert om desse sakene som Nauste legg fram som sitt politiske regnskap, er å vise at i kommunepolitikken tek ting tid! I eit demokrati er det dessverre slik av og til at prosessar ser ut til å ta unødvendig lang tid. Mange av prosjekta som vart starta opp før denne kommunestyreperioden, vil heller ikkje bli avslutta før perioden er omme. Døme på dette er jo Tindesenteret og kvartal ein.

Grunnen til at ting tek så tid er at flest muleg skal få delta i prosessane, seie si meining i høyringar og lover og reglar skal følgast.

System der berre ein eller nokre få styrer, ikkje tek hensyn til kva andre meiner og som ikkje tillet kritikk av leiinga kallast noko heilt anna enn demokrati! Det er vel ikkje slik vi vil ha det?

Prisen vi må betale for demokratiske prosessar.

Så med denne tilleggsinformasjonen vil eg seie til alle innbyggarar i Rauma: Ver delaktig i lokalpolitikken, diskuter saker og del gjerne synspunkt med oss som har sagt oss villige til å vere med å ta beslutningar til det beste for Rauma.Den enklaste måten å gjere dette på er å stemme ved valget i september!

Helsing Magnhild Vik, Ordførarkandidat for Senterpartiet i Rauma