Femti år etter førre kommunereform står dagens kommunar overfor ein ny endringsprosess. Eg skal ikkje meine noko om dette er ei naudsynt reform eller ikkje – det er jo meiningane delte om - men legg det at det i røynda vil skje endringar til grunn som ein føresetnad for dette innlegget. Eg vil difor ikkje gå inn på spørsmål knytt til lokaldemokrati, tenesteproduksjon, fordeling av kommunale arbeidsplassar osb., men heller sjå meir overordna på saka.

I og med at alle kommunar er pålagt å vurdere framtidige inndelingar har også Rauma teke fatt i dette spørsmålet. Saman med dei andre romsdalskommunane er det tinga utgreiingar frå Telemarksforsking som skal drøfte heile tolv ulike alternativ. Eitt av alternativa er at alle romsdalskommunane slår seg saman til ein storkommune, og for Rauma sin del skal det også utgreiast å slå seg saman med Vestnes. I tillegg har Rauma kommune tinga ei utgreiing av å halde fram som eigen kommune.

For meg er det underleg at ein så einsidig vil sjå berre på samanslåingar, utan at ein også tek opp eventuelle delingar som alternativ. Under Schei-komiteen sitt arbeid før reforma på 1960-talet, våga ein jo også å dele kommunar for å få til nye, framtidsretta kommuneeiningar. For vår eigen del veit me jo at den gamle Veøy kommune vart delt i to, der Nesjestranda og Sekken gjekk saman med Bolsøy til den nye storkommunen Molde, medan Mittet, Holm, Holmemstranda, Rødven og Vågstranda vart lagt til den nye konstruksjonen Rauma kommune saman med kommunane Voll, Eid, Hen og Grytten. Slik var det også i mange andre kommunar, då Schei-komiteen både brukte kniv og lim når dei utforma det nye kommunekartet – og det på grunnlag av årevis med særs grundige lokale høyringar og godt forankra utgreiingsprosessar.

Ein må hugse på at dei nye grenselinene ein no skal dra skal vere framtidsretta, truleg for fleire titals år frametter. For eigen del, kunne eg difor tenke meg at me også våga å vurdere å splitte opp eksisterande kommunar. For den såkalla Nordsida av Rauma kommune sin del, hadde eg ønskt meg at ein kunne utgreie ei samanslåing med Molde. Eg veit ikkje kva resultat ei slik utgreiing hadde fått, men eg meiner tanken er verdt å tenke – og særleg om ein har samfunnsutviklinga ti-tjue år fram i tid i tankane.

Om ein likar det eller ikkje, går jo samfunnsutviklinga i retning av urbanisering, der Molde er ein klar storebror i regionen med alle sine tilbod innan kompetansearbeidsplassar, utdanning, handel og kultur. Møreaksen vil også vere med å forsterke dette, med ein tettare integrasjon mellom dei tre største byane våre. Molde er sjølve navet i romsdalsregionen, men der mange like godt som å bo i sjølve byen vel å busette seg i lagleg reiseavstand til byen. Eit døme på dette kan vere Skålahalvøya, der me ser ein så stor vekst i nye bustader og innbyggjarar i desse bygdelaga at dette nok overgår måla om 400 nye innbyggjarar og 200 nye bustader i løpet av ti år som er sett i Rauma kommune si samfunnsplan. Og om ein ser på Nordsida i Rauma, er det også ein høveleg stor andel særleg av dei yngre generasjonane som har arbeidsstaden sin i Molde, der dette også ser ut til å vere ein tendens som er aukande. Men slike tal blir skjult i utgreiingane knytt til kommunereforma, i og med at ein berre tek føre seg Rauma kommune som ei samla eining, og med det konkluderer med at kommunen mest er å rekne som ein eigen «isolert» bu- og arbeidsregion med liten utpendling frå eigen kommune. Hadde ein sett på Nordsida for seg sjølv, ville ein nok fått heilt andre tal.

Like eins er det når det gjeld vidaregåande utdanning, der me jamleg les i avisa at svært mange ungdommar frå Nordsida vel ein av skulane i Molde som utdanningsstad. Og for mange som skal velje kvar dei tek både kvardags- og helgehandel, er det klart at valet mellom ein halvtime til «Næs» eller ti minutt lengre tur til Molde, fører til at den langt større regionhovudstaden «trekker». MFK, Jazzfestival, Bjørnsonfestival, Teatret Vårt og eit breitt kulturtilbod dreg mange i same retning. Litt flåsete sagt, kan me difor seie at Åndalsnes treng Nordsida som omland, medan Nordsida ikkje treng Åndalsnes på same vis - i og med at avstanden ikkje er særleg større til Molde med alle sine tilbod innan kompetansearbeidsplassar, utdanning, handel og kultur. Nok ein gong; dette kan ein like eller ikkje, men eg trur det er ei sanning i det.

Spørsmålet mitt er difor; burde ein ikkje også hatt med ei utgreiing der Nordsida går til Molde i samband med kommunereformprosessen? Kan hende er femti år i «eksil» frå dei andre veøybygdene meir enn nok, der tida no er komen til å gå i hop att i ein ny storkommune med Molde som kommunesenter? Spørsmålet kan kanskje skremme nokon, men eg trur at dei framtidige generasjonane fortener at me vågar å stille oss slike spørsmål i samband med kommunereforma som står føre.

Kva då med Åndalsnes? Vil den attverande delen av Rauma kommune vere stor nok til å bestå som eigen kommune, om noko slik skulle skjedd? Truleg ikkje, med mindre ein slår seg saman med Vestnes og/eller Lesja, som jo enkelte har sysla med tanken om. Så kan hende kunne ein like godt teke med heile Rauma inn i ein ny, stor romsdalskommune? Men dette går sjølvsagt også på kva løysing dei andre kommunane vil velje. Kokar det heile ut i heller få endringar, med berre mindre reguleringar (som til dømes at Aukra og Midsund finn saman att til ein felles kommune som dei var i tidlegare tider), då vil truleg Rauma halde fram som ein eigen kommune også i framtida. Men om dei sju andre Romsdalskommunane finn i hop, då trur eg det hadde vore lurt at også Rauma kasta seg på dette laget. Og ikkje minst trur eg altså dette er verdt å utgreie for Nordsida sin del. I denne delen av kommunen trur eg også at identiteten som «romsdaling» står sterkare enn som «raumaværing» hjå mange, trass i den såkalla identitetsskapande omdømmebygginga i Rauma i seinare år.

I løpet av året som ventar er det mange tankar som skal tenkast om dei nye kommunegrensene som skal vere gjeldande frå 2020. Og kan hende er det også andre enn meg som meiner ein også må vurdere kommunedelingar som alternativ, no når sentrale styresmakter har pålagt oss å teikne romsdalskartet på ny? Så får me sjå då, kva som skjer. Spørsmåla og moglegheitene er i alle fall mange, medan svara så langt er få. Det er spanande tider!

Mads Langnes

Holm