Det er stadig turvegsprosjekt rundt omkring. Det ligg mange gode tankar bak slike prosjekt, men blir dei gode nok?

Rundt Holsvatnet er det bygd ein slik tursti, langs Herjevatnet likeså. Volda kommune har arbeidd i mange år for å få til ein veg rundt Rotevatnet. Gjemnes har eit prosjekt, og i Surnadal finst det også planar som er tenkt svært nær og kan hende inn i eit naturreservat. Fleire stubbar med kyststi er også bygd. Eit trekk som går igjen er at slike turvegar ofte blir lagt langs vatn og strand.

Naturvernforbundet skjønar godt kvifor folk gjerne vil gå tur langs vatn. Det er jo ein av dei stadene det er mykje artig natur. Men det er også ei problemstilling. Det er ein del av den naturen som er nettopp langs vatn som ikkje har nokon alternativ plass å vere. Blir turvegen og turgåarane for nærgåande, så er det fuglar og dyr som blir opprådde rett og slett.

Sakshandsaminga rundt desse turvegane har svært forskjellig kvalitet. Vi har sett glitrande handverk i så måte i Gjemnes kommune. Der kartla dei både natur og kulturspor og tilpassa seg i stor grad det som kom fram. Men Gjemnes er langt på veg eit unnatak i så måte. Turvegen rundt Herjevatnet er ein absolutt versting. Der pressa Rauma kommune fram vedtak utan at biologiske verdiar var klarlagt. Fylkesmannen overså kjente naturverdiar og sa ingenting om dei områda som mangla undersøking. Fylkeskommunen passa på kulturminna, men bruka slett ikkje naturmangfaldlova då dei styra ein del av prosessane rundt tildeling av tippemiddel til prosjektet. Dermed er det grave nokre kilometer gjennom ei av Møre og Romsdals mest verdifulle myrer. Klaga frå Naturvernforbundet har no vore meir enn trekvart år i systemet utan at noko har skjedd. Same prosjektet flytta til ei fjordnær løysing langs Holmemstranda kunne ha vore eit godt alternativ for mange fleir. I andre høve har sakshandsaminga vore betre, men så blir det gjort ein del endringar av entreprenør og dugnadsgjeng som ikkje alltid tar omsyn til alt.

Er det ein mogleg tanke at ein kan lage fullverdige turvegar sjølv om dei ikkje blir liggande omtrent i vasskanten eller i den mest verdifulle naturen? Er det ein moglegheit for at kommunar og andre som har med dette å gjere bruker naturmangfaldlova slik at også biologiske omsyn blir tatt med i vurderingane når vegen skal byggast? Naturvernforbundet er ikkje mot turvegar, men vil gjerne at slike turvegar blir laga til på rett plass.

Men i alle fall: Det viktigaste er å kome seg ut, med eller utan veg.

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal