På framsida av avisa 24.3. står dette uttrykket med store bokstavar.

Kva slags språkbruk er dette? Veit ikkje journalisten - og redaktøren - kva «sinnssyk» betyr?

Kva er bra med det som er sinnssjukt? Det er direkte feil å bruke dette ordet her. Det er nok andre ord å bruke: fantastisk, fenomenal, førsteklasses, prima, suveren og mange fleire positive ord passar her.

Eg har hatt mange fine opplevingar i barndomsfjella i Isfjorden, også toppturar, og det har ingen ting med «sinnssjuk» å gjere.

Med dette oppfordrar eg avisa til å ta ein real språkvask og tenkje over kva ord dei brukar.

Else Marie Sæbø