Måndag la Artsdatabanken fram forslag til ny raudliste. På den lista er gaupa flytta frå gradering sårbar opp eit hakk til sterkt truga.

Å bli flytta oppover på den lista er ingen fordel. Samtidig hadde rovviltnemnda i region 6 telefonmøte. Dei var sterkt opptatt av korleis dei kunne flytte om på gaupekvota slik at flest mogleg av dyra blir felt.

I region 6 er det mål om 12 ynglingar i året av gaupe. Bestanden ligg omtrent der i dag. For å halde ein bestand stabil på denne storleiken, er det rekna ut at det kan vere ein avgang på 17 dyr årleg. Med 15 skotne dyr så langt i jakta, og rom for at det kan vere aktuelt med skadefellingsløyve seinare, så bør i grunnen jakta vere gjort for i år. Men rovviltnemnda er altså opptatt av at det skal skytast fleire gauper.

Totalkvota på 22 og reservekvota på 3 skal helst skytast. Viss ein skal halde ein bestand jamn med ei avkasting på 25 dyr, så må ein ha 17 ynglingar for året. Rovviltnemnda arbeidar altså for å få til ei avskyting som er 50% for høg etter faglege vurderingar.

Rovviltnemnda har sjølv vedtatt forvaltingsplana som seier at det skal vere rikelege kvoter i område utan mål om yngling, og dei har vedtatt, med feit skrift, at kvotene ikkje kan flyttast på. Det normale resultatet av dette er at det ikkje blir felt så mange dyr som kvota tilseier.

Det var vel det Klima- og miljødepartementet gikk ut frå skulle skje i år også. Men no har nemnda vald å oversjå sitt eige vedtak om ikkje å flytte kvoter, og så har dei fordelt utover desse rikelegdyra til andre stader. Det er slikt som fører til at gaupa blir flytta oppover på raudlista og nærare utryddinga. Når nemnda kastar alle faglege vurderingar på båten, fortenar dei ikkje anna enn ei ny klage frå Naturvernforbundet.

Øystein Folden, Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal