Naturvernforbundet har spurd rovviltnemnda om når dei skal gjere resten av jobben. Det sentrale er då å jobbe for at det skal bli fleire rovdyr når ein ligg under mål for yngling og bestand. Nestleiar Toril Melheim Strand nytter høvet i sitt svar til å skulde Naturvernforbundet for å gjere berre halve jobben. Strand bør ta inn over seg at det er ein skilnad på rovviltnemnda og Naturvernforbundet i denne saka.

Rovviltnemnda er forvaltningsmynde og er sett til å gjere heile jobben, også den som skal til når ein ligg under måla. Naturvernforbundet er ein interesseorganisasjon som kan velje om vi vil gjere heile den same jobben. Når vi opplever at beitenæringa nærast har rovviltnemnda med seg som lagspelar, ser vi ikkje at vår oppgåve er å kjempe beitenæringa si sak, særleg når verkemiddelet nesten alltid er børse. Då nøyer vi oss med å jobbe for ei løysing som skal vere tilstrekkeleg bra for naturen vår, og samtidig ikkje unødig til ulempe for beitenæringa.

Melheim Strand er visst kry over at det endeleg er påvist 4 ynglingar av gaupe i Møre og Romsdal på eit år og seier noko om at Naturvernforbundet har klaga på kvota kvar einaste gong. Dei siste tre åra har Miljødepartementet gitt Naturvernforbundet medhald i klager på gaupekvota. Sannsynlegvis er det Naturvernforbundet sin jobb som har ført til at ein i 2013 hadde ei halv yngling meir enn målet i region 6. Med rovviltnemnda sine opphavlege kvoter ville yngletalet vore såpass lågt at nemnda ville blitt sett under administrasjon.

Rovviltnemnda har elles ein jobb til å gjere. Fri jakt som det har vore praktisert utanfor fastsett yngleområde i Møre og Romsdal er det berre høve til i område utan yngling. Rovviltnemnda må difor bestemme seg for om dei skal ha ein gaupebestand som gir to ynglingar på det jamne i nordaustdelen av fylket, eller om Romsdalshalvøya no skal inn i område med mål om yngling, og med det kvotejakt.

Når det gjeld jerv lukkast rovviltnemnda med å oppfylle målet om yngling berre fordi det blir «overskot» i Nord-Trøndelag. Det hjelp veldig lite for den sørvestnorske jervstammen som er så liten at ingen sauebonde ville få lov til å avle på eit så spinkelt dyretal. Det hjelp ikkje at jerven ynglar i Trollheimen for så å bli skoten. Ynglemålet må nåast i område der jerven får leve ut livet som jerv og vere ein del av økosystemet. Tala viser at målet ikkje blir nådd, år etter år. At rovviltnemnda framleis trur at det skal skje eit under slik at målet blir nådd med same medisin som før, det ville ikkje blitt godtatt i andre samanhengar.

Yngleområda er såpass små at dei jervane som ynglar innafor lett blir skotne på åte utanfor området. Anten må ein då gjere yngleområda større, eller det må få konsekvensar for jakta i randsonene til yngleområda. Når Melheim Strand seier at tapa av sau er såpass stort at det må vere mange jerv i yngleområda, så kan ho sjølvsagt tru på det. Men det gjerast ein stor innsats for å klarlegge ynglingar i våre fjellområde. Ynglemåla er ikkje fastsett ut frå alle dyra som «må vere der». Dei er fastsett på grunnlag av den vitskaplege metoden som ein kan rekne med gir mest korrekt resultat.

Dei som tel har blitt ganske gode til dette etter kvart. Det kan ein sjå når ein går gjennom DNA-registreringane. Det er ikkje ofte det blir skote eldre dyr som ein ikkje har oversikt over frå før. Når Melheim Strand meiner ynglingar utanfor yngleområdet tyder på at det er nok ynglingar inne i yngleområdet, kan Naturvernforbundet møte dette med at det like gjerne kan vere at jerven meiner det er best å yngle ein annan stad enn der rovviltnemnda har fastsett.

Øystein FoldenLeiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal