Stor takk til Håvard Voll for vetuge ord! Då det vart vedteke «kok og kjøl» som matmodell i Rauma, trass i alle gode og gjennomtenkte avisinnlegg som gjekk for «kok og server», tenkte eg : «Les dei ikkje Åndalsnes Avis dei som sit og bestemmer?»

Hadde eg budd der oppe,skulle eg teke utklippa til Håvard Voll, og det som seinare kom frå Brit Halkjelsvik Friisvold, og lagt på plassen til kvar einaste ein i kommunestyresalen!

Takk også til Anders Bruaset som hadde eit høgst leseverdig debattinnlegg om helseheimen, om det ikkje heilt nådde opp til verseform med bokstavrim av Aage Wold som han hadde late seg inspirere av. Men kven kan hamle opp med Aage? Ivar Aasen, kanskje, meinte 92-årige Alf Hanekamhaug, og las opp for meg i telefonen, utanboks, diktet «Her ser eg Haralds haug fyre augom, Lenge var eg lysta å lydast til honom. Botna på berget berrsynt mun han standa Millom hump og hamar på Haugalandet.»

Men faktisk syns eg Aage greier det endå betre! Høyr berre :

«Modlaus var mange når mest me møddest, Trøsta oss tidt med kolsvart kaffe , -retta so ryggen og bles opp brøstet: Opp ska`huset om Rauma ska rakne!

Dette er berre ei strofe frå prologen Vigsling av Voll aldersheim, 14.november 1986. No når denne gilde heimen står for fall, med nybygging av «leiligheter» (kor er det gode nynorske ordet?) kunne det vere på sin plass å få heile prologen attgjeven i aviså, med eller utan Aage sitt løyve!

De finn prologen i boka : «Vist og gale frå Øverlandsbakkå». Spring ned på bokhandelen og kjøp, det vil de ikkje angre på!

Rauma rakna ikkje den gongen huset på Voll kom opp. Det spørst kor det går no når det skal rivast og byggast opp att - utan kjøken,for seinare å bygge kjøken?- attåt at Rauma vert «dømt til å dekke bot og betring» som Anders Bruaset skriv.

Kan hende går det bra som i 1986 då lokal byggar vart vald :

«--- Bygget bør byggast tå Brigta i Bø!

Menn med mynde det same meinte. Rådet i Rauma reddast ikkje: mange mil`jonar tok dei å trylla tå tom taske.---»

Blir det no framover som undervegs til Voll aldersheim?:

«Veku med venting,veljing og vraking. Nemnda nedsett tå Rådet i Rauma, granska og grunda og grøteleg grubla.»

Litt av slutten på prologen til Aage må eg au sitere, som ei påminning til oss alle om at me ikkje må tape målet av syne:

«Men måtte me minnast:

Lite hjelper høge hallar

om gamle gløymest

bak vakre vegger

i velstands-verda.

Sæl er son

som sine ser,

frægt det folk

som frendar finn!

Gløym `kje gut:

mann er manns gaman!

Takk for meg, og atter takk til Anders Bruaset, Håvard Voll, Brit Halkjelsvik Friisvold ,-og ikkje minst: Aage Wold!