Eg les i torsdagsavisa at rådmannen meiner at eit ekstra «Veidekke-lån» på 27 millionar ikkje er dramatisk for driftsbudsjettet. Dette vil straks gje ein lånekostnad på vel millionen, med dagens rekordlåge renter, som må dekkast av driftsbudsjettet. Ein treng ikkje vere ein avdanka rektor ein gong for å sjå at denne kostnaden vil bli høgare i åra som kjem.

Er altså ein million eller to udramatisk? Isolert sett ja. Men vi har ikkje høve til å sjå desse millionane isolert frå resten av driftsbudsjettet. For i fleire år no så har vi pint ned ressursane til skolane i kommunen til langt over smertegrensa (eg er glad over at eg er avgått). Og i fleire år har vi hatt berre ein brøkdel av det vi treng til vanleg vedlikehald av bygningane våre.

Sjølv om Helsehuset er lova å gje ein økonomisk effekt på fire millionar årleg, vil all røynsle med slike store omleggingar vere at vi treng meir pengar til helse- og omsorg dei første åra. Og når tida for å ta ut denne innsparinga er kommen, ja då har vi ein ny situasjon for Rauma, med mange fleire eldre over 80 år. Det må vi også ha pengar til.

Så min konklusjon er at ein til to millionar i redusert driftsbudsjett er dramatisk, fordi det kjem attpå fleire års dramatiske reduksjonar innan skole og på vedlikehald. Her skulle vi hatt meir pengar, ikkje mindre.

Elles meiner både Rauma SV og underteikna at det fint at rådmannen ser positivt på framtida. Og så får vi vone og tru at ankesaka går vår veg.