Årets søkartal for vidaregåande er klare, og nasjonalt sett er det stadig fleire som vel yrkesfag, og dette er med god grunn. Dessverre er det fleire fag i Møre og Romsdal som slit med å få nok søkarar, dette gjeld mellom anna restaurant- og matfag og design og handverk. Om dagens utvikling held fram, vil Noreg mangle nesten heile 90 000 fagarbeidarar i 2035. Vi i ungdomspanelet fryktar at dette er svært dårlege nyhender for industri- og næringsfylket Møre og Romsdal. Fleire må søke yrkesfag, og vi må gjere alt vi kan for å leggje til rette for det!

Berekraftig velferdssamfunn i fare

Velferdsstaten Noreg har vorte bygd opp av dyktige fagarbeidarar. Takka vere dei har vi fått opp olje og gass, takka vere dei kjem heile 99 prosent av all kraftproduksjon i Noreg frå vasskraft, og det er dei som gir verdig stell og omsorg til våre eldre. Likevel er vi nøydt til å tenke framover. For å ivareta velferdssamfunnet med eldrebølga i sikte, og for å drive den teknologiske utviklinga vidare, treng vi faglært arbeidskraft. Det er nemleg yrkesfagutøvarane som er musklane bak Noreg. Skal landet bli like sterkt i framtida, må vi satse på yrkesfag.

Når annankvar NHO-bedrift melder at dei slit med å rekruttere nok fagarbeidarar, er våre berekraftige velferdssamfunnet i fare. Årets utvikling innan søkartal på yrkesfag er heller ikkje noko Møre og Romsdal kan skryte av. Vi må derfor bruke alle våre krefter for å løfte fram yrkesfag i 2018, som offisielt har fått tittelen «yrkesfagenes år».

Det er no det skjer

WordSkills Norway har saman med Elevorganisasjonen døypt 2018 som Yrkesfagenes år. «Yrkesfagenes år 2018» er ein informasjons- og omdømmekampanje for å auke interessa for yrkesfag, i håp om at fleire vel yrkesfag og fleire bedrifter ønsker å bli lærebedrifter.

Yrkesfagenes år er alle sin moglegheit til å bidra for å styrke musklane bak Noreg. Kampanjens arena er nett og sosiale medium. Vi deltek med å dele våre yrkesfaghistorier med offisielle emneknaggar #yrkesfag, #yrkesfagenesår og #mittyrkesfag. Dette er for å setje lys på yrkesfag, dele vår spennande kvardag i yrkeslivet og vise heile Noreg at det vi gjer er svært nødvendig for framtida.

Regjeringa i ryggen

Om ikkje fleire vel yrkesfag, vil vi få store samfunnsmessige utfordringar framover. Dette gir heile landet ein fantastisk moglegheit til å fremje fag- og yrkesopplæring, ei moglegheit som vår regjering bruker. I 2018 vert dei yrkesfaglege retningane og fagskulane styrka med heile 70 millionar kroner til saman, der 40 millionar vil gå direkte til å auke kvaliteten, rekrutteringa og talet læreplassar. Til saman skal pengane altså gå til å styrke arbeidet med å rekruttere læreplassar i fylka, styrke hospiteringsordninga for yrkesfaglærarar og til 638 nye studieplassar i fagskulane.

Vi i ungdomspanelet er stolte av jobben Møre og Romdal gjer for å rekruttere fleire. Vår fylkeskommune har mellom anna 3. år på rad aksjonen «Tenk framtid- Bli lærebedrift», noko du kan sjå plakatar av på busser og alle fergjene i fylket. Det er også 4 formidlingskoordinatorer som jobba med rekruttering lokalt. Vi er glade for at vårt fylke gjer sitt, særleg med regjeringa i ryggen.

Vi treng gode haldningar til yrkesfag

Det jobbast på alle felt for å styrke yrkesfag. Foreløpige tal frå Utdanningsdirektoratet viser at fleire elevar har fått læreplass i 2017 enn året før. Sjølv om det satsast hardt på yrkesfag i mange overordna organ, må den store endringa også skje lokalt. Kanskje til og med i heimane. Det å løfte fram yrkesfag og oppmuntre elevar til å gå denne vegen er grunnleggjande for å lukkast.

God fagleg kompetanse har ikkje berre bygd opp landet vårt, men skal sørgje for å ivareta og utvikle det framover. Det er derfor svært nødvendig å jobbe direkte mot dei negative haldningane og stigmaet som kan ligge rundt yrkesfag. Yrkesfag er den absolutt smartaste vegen å gå for mange. Å kunne bruke og utvikle sine praktiske evner er ein viktig verdi. Dessutan er arbeidsledigheita blant dei med yrkesretta utdanningar svært lav, og lønna er ofte god. Ein må framsnakke og rettleie ungdommen til å velje yrkesfag, slik sikrar ein ikkje berre deira framtid, men også Noreg si.