So har me fått ei ny påminning: At skoen ikkje passar, er ikkje skomakaren sin feil, det er foten det er noko gale med. No er det på tide at måndalingane forstår at dei ikkje forstår kva som er det beste for bygda og borna deira!  Påminninga kom i Åndalsnes Avis sitt referat frå formannskapsmøtet 6. mars om barnehagetomt i Måndalen.

Status: Måndalen skal få ny barnehage, det er formannskapet og bygdefolket einige om.  Spørsmålet er kvar han skal ligge. Tilsette, foreldre, FAU og andre i bygda som har ytra seg, er samstemde: dei vil bygge nytt (ikkje renovere) i idrettsområdet ved dagens barnehage. Formannskapet vil også bygge nytt, men fleirtalet vil presse barnehagen inn mellom skule og omsorgsbustad.

Returbukken på Øverlandsbakkå blir neppe sett inn i avlen meir og har hittil halde seg rimeleg taus i striden. Men når ordføraren indirekte seier at «den tause majoritet» i denne saka truleg er på hans side, må eg ta til kraftig motmæle, og stanse litt ved somme argument rådmannen og formannskapsmedlemmer brukar.

Først utsagnet frå min elles høgt respekterte Per Arne Skomsø: «Det jeg har oppfattet er det aller viktigste for foreldrene i Måndalen, er å få ein ny barnehage raskt.» Beklagar Skomsø, di oppfatnig er totalt feil. Det viktigaste for Måndalen er ikkje å få ein barnehage raskt, men å få ein god (den best moglege) barnehage, for borna.

Så til veteran Lillehagen : «Det er gjort en overbevisende utredning», og til «flere politikere» som rosar rådmannen for «en grundig utredning  av saken». Mon det?

Eg kan ikkje i eit avisinnlegg gå inn på alle argumenta som er brukte, men la meg stanse ved nokre:

I saksutgreiinga skriv rådmannen: «De tre alternativene er vurdert med fordeler og ulemper når det gjelder kvalitet og økonomi».

Orsak meg, men slik eg les innstillinga og vedtaket, er det overordna omsynet økonomien, ikkje kvaliteten.

Og når det gjeld økonomien, reknar eg med at ein vesentleg del av vurderinga har vore kostnaden og tidsbruken ved å erverve nødvendig tilleggsareal ved «idrettsplass-alternativet». Men: Idrettslaget sende allereie i mai 2017 brev til kommunen om at laget gjerne ville avstå nødvendig areal for å få barnehagen til området, og bad om dialag for å diskutere vilkår og pris.  Tru det eller ikkje: Dei har ikkje høyrt eitt ord tilbake, korkje munnleg eller skriftleg. Tvert imot skriv rådmannen i si saksutgreiing: «Da det ikke vurderes som aktuell løsning å bygge barnehage på dette tomtearealet er det ikke gjort noen avklaringer mot idrettslaget om forventet salgspris på tomta.» Kva i all verda er dette? Her blir politikarane inviterte til seriøst å vurdere tre alternative løysningar/tomteval, og so seier administrasjonen allereie i saksutgreiinga at det eine alternativet ikkje er aktuelt!  «Overbevisende saksutredning», Lillehagen?

Når det gjeld kvalitet, er dei omtala fordelane ved skuleområdet, etter mi meining, både søkte og lite relevante. Eksempelvis: kor omfattande vil sambruket av spesialrom på skulen bli, og kor omfattande vil det pedagogiske samarbeidet med skulen vere?

Andre tilhøve/påstandar:

  • Trafikktilhøva i skuleområdet er i dag problematiske, for ikkje å seie kaotiske. Saksutgreiinga seier at det må leggast stor vekt på å opparbeide eit godt trafikkareal og viser til ei skisse som ikkje løyser noko som helst. Eksempelvis føreslår ein å stenge kommunevegen med bom ved skulen (etter parkeringsplassen). Du store!  Det er då ikkje trafikken mellom skulen og elva (gamle Sæbøbrua) som er problemet, men trafikken til skule/omsorgsbustad. Med barnehage i området burde alle skjønne at problemet og risikoen for uhell aukar vesentleg, og ei heilt nødvendig trafikkløysing vil bli langt meir omfattande og kostbar enn dei bagatellmessige tiltaka saksutgreinga nemner.

  • «Nærhet til fjøre og fint skogsområde.» Fjøre? Mest ein km unna og på andre sida av ein sterkt trafikkert Europaveg! Fint skogsområde? Ein smal elvekant!

  • «Enklere å levere/hente flere barn på samme sted». Eg trudde skuleborna som treng det, har offentleg skuleskyss. Og når eit offentleg utval no foreslår at kroppsøvingsfaget i skulen skal nedprioriterast, er det kanskje endå større grunn til å la dei dei som ikkje har krav på skyss, få gå/sykle til skulen.

  • «Bedre kontakt mellom generasjonene.» Høyrest flott ut, men kor realistisk? Med dei føreslegne kriteria for å få plass i den planlagde omsorgsbustaden tvilar eg på at samkvemet blir serleg stort.

  • Idrettsområdet:  «Vanskeleg tilkomst på vinterstid». Tøv!

Fleire tilhøve/argument kunne vore nemnde, bl.a. risikoen for å skape vanskar for den bebuda skuleutbygginga, men dette får halde.

Konklusjon: Kjære kommunestyre! Bruk sunn fornuft i møtet den 22.mars og lat omsynet til borna vege tyngre enn nokre (i teorien) innsparde vaktmeister- og reinhaldsutgifter. Lag ikkje ein sentralisert «getto» der born og unge skal opphalde seg frå dei er eitt til dei er 16 år, men bygg barnehagen der tilhøva frå naturens side ligg til rette for det, med betre klima (temperatur, vind/trekk), nært fine skogs- og utmarksområde, skjerma frå trafikk og støy og med eit storstilt idrettsanlegg der borna er velkomne både i hallen og på uteanlegget. Lat ikkje den mykje omtala politikarforakta bli endå større ved heilt å oversjå det eit stort bygdesamfunn meiner og ønskjer. Det kan vel hende at også måndalingane somme tider veit kva som er til det beste for bygda, og det er ikkje for seint å snu!