Etter avisinnlegget mitt 14.12.2017 fekk eg svar frå rådmannen der ho skreiv at ho meiner at eg har fått gode svar i lesarinnlegget som sto i avisa 30.november, ført i pennen av Greta Hanset. Det er eg heilt uenig i. Det var fleire av mine konkrete spørsmål som ikkje fekk svar.  Elles viser ho til at alt som blir gjort med organisering av Helsehuset, og helse- og omsorgstenester elles, er i tråd med dei politiske vedtaka som er fatta i Rauma kommunestyre.

Så då vender eg meg til kommunepolitikarane: Er vedtaket om kok/kjøl på Helsehuset i tråd med avtalen med Lars Wenaas? I avtalen står det: «Produksjonsmetoden er basert på «kok-kjøl» prinsippet, som gir full fleksibilitet med muligheter for «kok-server» til beboerne på helsehuset». (utheva av meg). Kva meiner de kommunepolitikarar at de har bestemt med den siste delen av denne setninga? Slik eg ser det, har de berre bestemt at det skal vere muleg med kok/server, ikkje at det faktisk skal gjennomførast.

Elles viser eg til Gloppen sjukeheim som produserer mat til 200 brukarar kvar dag etter kok/server-metoden. Varm middag til heimebuande blir sendt ut kvar dag med sjåførar frå frivillegsentralen. (for meir, sjå https://gloppen.kommune.no/tenester/helse-omsorg-og-sosial/gloppen-kommunale-kjokken).

Det skal vere kantine på Helsehuset. Håpet er at den skal bli mykje brukt av pårørande, tilsette og andre. Kven skal stå for drifta der? Skal den og drivast etter kok/kjøl-prinsippet?

Er det på tide for dykk kommunepolitikarar å sjå på vedtaket de har gjort og tenkje over om saka bør takast opp att og vedtaket omgjerast? Eg rår til ein tydeleg ordlyd som ikkje gir tvil om kva som er vedteke.