Debatt

Napoleon, logistikkens far

"No når ein er i innspurten av traséval av Møreaksen, må ein i ein logistikksamanheng sjå på heilheitlege løysingar som tener flest mogleg som har behov for transport både av «mjuke» og «harde» varer."

Endestasjon: Har ein gløymt at det er ein endestasjon på Åndalsnes for jernbanen? spør Terje Vadset.Foto: Stine Vandevjen olsen  Foto: Stine Vandevjen Olsen

Leserbrev

Med god logistikk vann han over mange sterke fiender.

I desse tider handlar mykje om logistikkløysingar for framtida, til Møre og Romsdal.

No når ein er i innspurten av traséval av Møreaksen, må ein i ein logistikksamanheng sjå på heilheitlege løysingar som tener flest mogleg som har behov for transport både av «mjuke» og «harde» varer. Så må ein samtidig evne og sjå dei ulike transportformene i samanheng.

Kva med jernbanen?

Har ein gløymt at det er ein endestasjon på Åndalsnes for jernbanen, og er ikkje den med i framtidas transportsystem for Møre og Romsdal? Er den framleis med, er det lite nyttig og forlenge og forsinke transportvegen til Åndalsnes, og også i samanhengen dra med seg Eksportvegen for vanleg hjulgåande. Men i all argumentasjon omkring E39 og Møreaksen, er desse to veldig viktige punkta ikkje nemnd i det heile.

Traseanbefalinga frå Digernes til Vik. K3-løysinga nordover frå Solnørdalen vil sende indre strok som Ørskog, Stordal, Nordal og Stranda kommunar, og for ikkje snakke om all den transittrafikken på aksen n/s som går over Stranda, ut i ingenmannsland. Næraste påknyting kan verte Dragsundet.

Kvar er sunnmøringane

Er der ingen sunnmøringar som har fått med seg den omfattande næringsmiddelindustrien på Stranda, som slett ikkje er der på grunn av marknaden, men nærast av tilfeldigheiter. Og for ikkje og nemne møbelindustrien også i nabokommunen. Bedriftene i Stranda er «innesperra» i forhold til sin logistikk. Prøver dei sørover, må dei nytte ei rås som ligg på ei myr mellom tuna over Markane, for så og treffe låge utdaterte tunnelar over Strynefjellet. Vender dei seg nordover, må dei anten klatre over eit fjell, eller finne seg ei anna «rås» ut mellom fjellhamrane for å nå tak i omverda via ferjer.

Det viktigaste for desse siste kommunane er Storfjordsambandet, for å bygge saman vår region. Rett og slett ei forlenging av Møreaksen. Og no vil ein at «omverda» skal flyttast og forlengast, samstundes med at løyvingane i Romsdalen og andre utbetringspunkt på Eksportvegen, vert skuva ut i tid, for at ein skal ha nok midlar til den største draumen til Molde; og verte knyta nærare til den mest folkerike regionen i vårt fylke. Og ved og velje K3 for å spare 3–5 minutt, raserar ein samstundes eit felles turområde for heile Sunnmøre. K3- over Mevatnet får kanskje 3 % stigning, K2-Ørskog fjellet har 4 % ...

Folkerøysting

I desse tider når det har vore mykje skriving kring rettferdige og urettferdige folkerøystingar, trur eg at eg kjenner svaret dersom ein hadde spurt sunnmørsindustrien om kva dei ynskjer seg mest; Innkorta transporttid til Molde på 3-5 minutt, eller ein fullverdig europaveg ut og inn av fylket?

Vi må legge forholda til rette for eksisterande industri, og spesielt industri som ikkje er stadbunden på ein måte som gjer at den ikkje kan flyttast. Den såkalla «framtidige industrien» er ikkje her no …

Vi har ein av dei siste dagane stengt ned ein fabrikk i Kristiansund (Ello). Dette er ein type fabrikk som ikkje er stadbunden. Alt som har vorte produsert her, har berre vore så vidt innom byen ein tur, for så etter bearbeiding og ta turen ut til kontinentet.

Vi har fleire slike fabrikkar i vårt fylke. (Møbelproduksjon?). Og alle som kjenner til produksjon, veit at den som har god og rimeleg logistikk nært marknaden, «vinn krigen».

På presentasjonsmøtet med SVV, vart det spurt om kva som vert framtida til Ørskogfjellet, men der fekk ein berre vage svar, om at dette vert ein fylkesveg, og da vert sjølvsagt standarden redusert.

Krava stemmer godt med val av K2-traseen frå Digernes til Vik, og delar av strekninga kan ordnast medan vi venter på samanhengande gule striper;

  • Utbetring av Ørskog fjellet, lange krabbefelt på begge sider
  • Ny tunnel/utbetring av Hjelvik tunnelen til ny standard, full høgde
  • Krabbefelt/utbering av Måndalshøgda
  • Omlegging på Veblungsnes
  • Gjere ferdig det resterande i Romsdalen slik at transportørane slepp omkopling/om lasting på Bjorli på grunn av manglane vegstandard på E 136!

Vi som sunnmøringar må ha større ambisjonar enn «flat veg» til Molde som gir ein gevinst på 3–5 minutt, og til formidable brukarkostnader.

Møreforsking etterlyste ein «Mørejarl» i ein rapport i 2014. Og no er det viktigare enn nokon gang og finne ein ny «Mørejarl». Vi må langt tilbake i tid før vi hadde ein. Kanskje den siste vi hadde var da vi fekk landfast flyplass? For tida er det forunderleg stilt frå nåverande jarlar på det visjonære feltet utanom bysentrum. Den nye «Mørejarlen» må vere ein som har «kjøttvekta» bak seg, og då må han snart kome på banen, for det er val i 2019, og det er ikkje lenge til.

Eit nokolunde oversett ordspråk frå Winston Churchill lyder; «Den som ikkje har uvenner, har ikkje utretta stort i livet».