24.10. hadde eg eit lesarinnlegg i Åndalsnes Avis med nokre spørsmål til dykk om det nye helsehuset, der eg ba om svar frå rette vedkomande i kommunen. Då eg ikkje hadde fått svar innan 17.11., ringte eg ordføraren og fekk vite at eg måtte sende det til kommunen som mottakar om eg ville ha svar. Greitt nok det. Ordføraren ville svare meg i telefonen, men eg sa eg ville ha svaret i avisa. Eg fekk ikkje svar på kven som var rette vedkomande, men han sa eg skulle sende brevet til rådmannen. Det gjorde eg, skreiv ei forklaring, og la ved innlegget mitt.

Eg fekk raskt svar frå rådmannen, 21.11. – takk for det. Men det var ikkje svar på spørsmåla mine. Ho skreiv: «Vi jobber nå med et større innlegg som tar for seg flere av de endringene vi nå står overfor når Helsehuset vårt skal settes i drift. Her vil vi også berøre spørsmålet om kjøkken.»

30.11. stod artikkelen om helsehuset i avisa. Der fekk eg svar på eitt av spørsmåla mine. Det blir kok/kjøl. Forstå det den som kan!

Dei andre spørsmåla ventar eg framleis svar på. Får eg dei svara i avisa?