Dei siste dagane har Viltnemda i kommunen fått rapportar om skadeskotne dyr som har vorte avliva, utan at dyra har vore meldt påskotne- med påfølgjande pliktig ettersøk. Det er urovekkjande!

Det eine tilfellet var ein hjortekalv med skotskade i ein bakfot. Ein jeger oppdaga skada etter at han hadde skote kalven under ordinær jakt på nordsida sist laurdag.

Det andre tilfellet var på sørsida seint mandagsk

veld, då ein i ettersøksringen tilfeldigvis kom over ein hjortekalv med avskoten framfot. Den vart sjølvsagt avliva av dyrevernmessige grunnar, jf.. Lov om dyrevelferd § 4. Viltnemda tek høgde for at skadene på begge dyra er påført under lovlege fellingsforsøk.

Viltnemda stiller seg kritisk til desse sakene. I begge tilfella har ikkje den kommunale ettersøksringen blitt varsla for å foreta lovmessige ettersøk. Det betyr at jegerane sjølv har «friskmeldt dyret» på eige grunnlag. Omstenda tilseier at det har dei ikkje greidd!

Viltnemda viser til § 19 i viltlova- Jakt og fangst skal utøvast på slik måte at viltet ikkje utsettast for unødig lidingar og slik at det ikkje oppstår fare for menneske eller husdyr eller skade på eigedom.

Forskrift om jakt, felling og fangst § 27 omtalar ettersøksplikt, forfølgingsrett og avliving av såra storvilt- Den som under jakt eller forsøk på felling skadeskyt storvilt eller kongeørn, plikter å gjere det ein kan for å avlive dyret snarast mogleg. Vedkommande plikter å forvisse seg om påskote dyr er truffe eller ikkje. Jeger og jaktlag som har skadeskote storvilt, skal ikkje oppta jakt eller påskyte nye dyr medan ettersøk pågår. Innan valdet sine grenser skal ettersøk om nødvendig pågå ut dagen etter skadeskyting. På anna vald opphøyrer retten til ettersøk og felling ved utgangen av den dag skadeskote storvilt kom inn på valdet, jf. lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 34.

Viltnemda vil minne jegerar og jaktlag om å bruke godkjend ettersøksekvipasje kvar gong det er løyst skot mot hjortevilt og ein ikkje finn dyret. Storparten av valda i kommunen har teikna avtale og betalt for ettersøk før jakta byrja 1. september. Det betyr at det kun er ein telefon til ettersøksvakta som skal til for å få ettersøksekvipasjen ut. Utan meirkostnad for jeger.

Viltnemda har generelt god tru på jegerstanden i Rauma. Dei tilfella som her er omtala svekkjer denne tilliten. Dei påskotne kalvane er begge grunnlag for melding til politiet.

Ein godkjend ettersøkshund kan lukte ein bloddråpe som minst er eit halvt døgn gammalt. Ein jeger kan verken lukte ein bloddråpe, og sjeldan sjå dråpen i ei haustkledd li her på nordvestlandet. Det bør alle jegerar merke seg.

Viltnemda ynskjer å ha flinke og ansvarlege jegerar med på laget for å heve jaktutøvinga og sikre human jakt.