Av og til blir det sagt at det kan vere lurt å starte med blanke ark, problemet er at det er vanskeleg å sjå bort frå det som har skjedd tidlegare.

Rådmannen valde å starte med blanke ark då ho den 30 oktober la fram sitt forslag til budsjett, og tok ikkje omsyn til nyleg fatta vedtak ang. struktur for ungdomsskulane. For meg er dette litt respektlaust.

Men eg reagerer meir på argumentasjonen som rådmannen brukte. Det var snakk om større og langt betre miljø, fleire valfag, betre lærarar osv. At ei sentralisering også var bra for kommuneøkonomien vart nemnd berre som ei undersetning. Alle som har vore med i Raumapolitikken ei stund veit at det ikkje hadde kome forslag om samling av ungdomsskulane dersom det ikkje var for den dårlege kommuneøkonomien.

Og eg må spør, har rådmannen lest den knusande rapporten om Åndalsnes Ungdomsskule frå Fylkesmannen? Det rette ville truleg vore å flytta elevane frå Åndalsnes til Åfarnes og Måndalen.

Og det blir ein brest i argumentasjonen når rådmannen også trekker Rauma VGS inn i dette. Med all respekt for Rauma VGS, så er nok den skulen, relativt sett, svakare enn desse to ungdomsskulane.

Som sagt er det berre kort tid sidan det var full semje om å ha tre ungdomsskular. «No er det Måndalens tur», sa representanten Marit Nauste i kommunestyret den 5. september i år. Sjølv om det vart ein kort tur, så skal eg sei takk for turen!

Det er svært uheldig når folk ikkje er til å stole på, men eg ser at det er ein effektiv måte å få merksemd, og for å bli huska lenge.

Kor mange brukarundersøkingar skal til i denne saka når det likevel ikkje blir teke omsyn til det som kjem fram? Dei svara som trengst får ein ved å oppheve fritt skuleval.

Dette er trenering sett i system frå fleirtalet i formannskapet!

Alle budsjett og rekneskap har ei inntektsside og ei utgiftsside. Og det er ikkje inntektene som har svikta for kommunen, men utgiftene som har est ut, rett nok på eit svært avgrensa geografisk område. Eigedomsskatten er auka til max nivå, og kommunen krev inn gebyr for tenester dei ikkje utfører, eller i beste fall lenge før vi får det vi betalar for.

For under tre år sidan fortalde ordføraren i eit intervju i NRK om kor god økonomi Rauma hadde. Fylkets lågaste lånegjeld og stor økonomisk fridom sa ordføraren. Eg forstår godt at han ikkje liker å bli minna om dette.

Både politisk og administrativt har kommunen dei siste åra blitt styrt etter prinsippet «splitt og hersk» med mål om å styrke sentrum på bekostning av bygdene. Det er beklageleg at den nye rådmannen synest å vidareføre dette.

Men dette har i stor grad vore mislykka. Bygdene er blitt sveisa sterkare saman, og i den enkelte bygd er lokale stridigheiter lagt til side.

Men sentrum står svakare enn nokon gong. Formannen i den nye sentrumsforeininga sa det rett ut: « I dag er det berre armod – det er ikkje noko hyggeleg».