Kvar ein snur og vender seg, ser ein bakenden på ein blåblå buss! I Molde såg eg nyleg 12 blåblå bussar på busshaldeplassen. (Pass på at du finn den rette når du skal heimatt!)

Kva var forresten gale med Veøy-bussen? Veøy-bussen hadde flott design, blygrå med mørkeblå og oransje striper! Ein original og lett gjenkjenneleg buss. Ein vart glad når ein såg Veøybussen og dei kjekke  bussjåførane! No skal alt vere så likt. Denne uniformeringa et om seg overalt! Ein blir heimlaus av slikt!  Og ein blir så passiv av all denne informasjonen. Ingen seier eit ord eller spør om noko i dei blåblå bussane.  FRAM ? Fram er fantasilaust. Ja, sjølsagt bør det gå framover. Fram ? Eg kjem til å tenke på Roald Amundsen og Fram over polarisen. Kva er framsteg?

Berre dei ikkje har teke bort dei fiolette Nett-bussane og! Eg såg etter dei sist eg var på busstur i Spjelkavika? Men, nei! Blå-blått overalt.  Det er nok dei Blåblå som har vore på ferde i Fylkeskommunen! Slik vann dei valget i heile Møre og Romsdal fylke!

Sjølv stemte eg på den blygrå Veøybussen, den fiolette Nettbussen og på den raude Måndalsbussen. God busstur!