Igjen er det komme forslag frå rådmannen om samanslåing av ungdomsskulane i Rauma, dette til tross for at kommunestyret seinast 5.september i år vedtok at:

«Rauma kommune ønsker å gi et tilbud innenfor barnehage og skole på Sørsiden som rommer alle barn og elever i denne kommunedelen på følgende måte: kommunal barnehagedrift opprettholdes i Måndalen og på Vågstranda så lenge barnetallet gir grunnlag for det. I Måndalen planlegges primært ny barnehage samlokalisert med skole på Voll , men f ør endelig plassering avgjøres, vurderes konsekvenser ved bygging og drift på dagens tomt. Grunnskole 1-10 bygges på Voll tilpasset barnetallet i Måndalen og Vågstranda og tilrettelagt for utvidelse ved behov. Det vurderes om ungdomstrinnet kan plasseres i egen frittstående bygning.»

Kartet og terrenget har ikkje forandra seg sidan sist skulestrukturdebatt, eller vedtak for den del.  Det er framleis mellom 2,5 og 3 timars reise tur/retur frå ytterkantane nord og sør i kommunen og til sentrum med skulebuss. Elevane skal hentast i dei mange grendene. Det kan bli både 10 og 15 stopp (av/påstigningar). Det kan bli oppimot  60 timar for elevane  å sitte på bussen i månaden. Vi forstår at det då blir lite tid og ork til  aktivitetar  og anna sosialt liv. Ein del aktivitetar er sjølvsagt og lagt til sentrum, og kvar skal 13, 14 og 15-åringane oppholde seg i påvente av aktivitetsstart på ettermiddag/kveld? Dei rekk ikkje heim og tilbake. Kvar skal dei ete? Kven følger dei opp ellers? Kva med lekser? Ser vi alle konsekvensane av at ungdomskulane er foreslått samla i sentrum?

Blir ungdomsskulen borte, mister Måndalen mange kompetansearbeidsplassar. Mister Måndalen ungdomane i bygda, mister Måndalen ein stor ressurs. Bygda treng ungdommane og ungdomane treng bygda og skulen. Utan ungdomsskule vil færre familiar busette seg, det har vi undersøkelsar som viser. Barn og unge som får gå på skule i nærmiljøet får ein identitet og ein tilknyttning til bygda, som gjær at dei seinare vil bosette seg der. Er ikkje det flott for Rauma?

Måndalen er ei bygd med stor bredde i arbeidsmarkedet, industri, jordbruk, bygg-og anlegg, helsesenter, skule,  barnehage, turisme og handel for å nemne noko. Det er under ein times kjøring til Ålesund og Molde. Måndalen har kirke, bedehus,  ungdomslag, flott idrettsanlegg med eit aktivt fotball- og friidrettsmiljø. I Måndalen er det byggeklare tomter. Måndalen er den skulen i kommunen med størst vekst/stabilitet i antall skulebarn ifølge prognosene, mange år fram i tid. Måndalen oppvekstsenter har ein relativt ung og stabil lærarstab.

Måndalen oppvekstsenter er ikkje for lite til å ha eit godt fagmiljø. Måndalen oppvekssenter er ikkje for lite til å ha eit godt sosialt miljø for barn og unge. Åndalsnes undomsskule skil seg ikkje positivt ut på nokon måte, jamfør rapport frå fylkesmannen tidlegare i år og siste Tilstandsrapport for grunnskulen i Rauma. Åndalsnes ungdomsskule har ikkje plass til ungdomsskuleeleevane frå sør-og nordsida pr.dags dato. Skal ungdomsskulen i sentrum da utvidast ved ei evt.samanslåing, eller skal det byggast nye lokaler til vaksenopplæringa som har tilhold der i dag?

I forhold til rekruttering av lærarar, som er ei problemstilling i heile Rauma, er det slik at lærarane er tilsett i Rauma kommune, ikkje på den einskilde skule. Det vil seie at om ein manglar kompetanse i ulike fag på eine skulen kan lærar ha undervisning  på andre skular. Likeeins kan Raumaskulen, på lik linje med mange andre kommunar, tilsette miljøterapeutar og/eller vernpleiarar i skulen. Rauma treng den spesialkompetansen for å jobbe i forhold til det sosiale miljøet, mobbeproblematikk, psykiske utfordringar og ulike diagnoser. Trykket på undervisningspersonale vil på den måten bli redusert.

Sentrum i Rauma har fått sine 100 millionar til forskjønning, utbygging og fornying av infrastruktur. I økonomiplana for den neste periode er nye 100 millionar avsatt til ulike ivesteringar i sentrumsområdet. Sentrum  har ny ungdomsskule, det er ein relativt nyrenovert barneskole der uteområdet har fått eit kraftig løft i år. Myra barnehage fekk eit stort løft for få år sidan for å nemne noko. Isfjorden står der med sin nye flotte barnehage, ny skule, ballbinge og forsjønna sentrumsområde. Dette er vi veldig fornøgde med, men no må vi som politikarar sjå heile kommunen.

Innbyggjarane på sørsida har  venta tålmodig i minst 15 år. Skule og barnehage skrik etter oppgradering og fornying. Måndalen treng eit nytt oppvekstsenter for barn i alderen 1 år til 16 år. Det vil være både samfunnsøkonomisk og framtidsretta å satse på ei levande bygd med stort potensiale.