I «Endelig vedtak for matproduksjon og kjøkkenløsning 27.09.2016» i kommunestyret står det:

«Rauma kommunestyre vedtar at det nye helsehuset skal inneholde et produksjonskjøkken som skal dekke behovet for all middagsservering til alle som ønsker denne tjenesten i kommunen. Produksjonsmetoden er basert på «kok-kjøl» prinsippet, som gir full fleksibilitet med muligheter for «kok-server» på helsehuset.»

Kva betyr den siste setninga? Skal det vere kok-kjøl? Eller skal det vere kok-server? Eller skal det vere begge deler: kok-server til dei som bur på Helsehuset – og kok-kjøl til dei som får middag derifrå, dei som bur i bufellesskap eller heime? Viss det siste er rett: Kva slags forskjellsbehandling av folk er dette?

Korleis stemmer dette med avtalen med Lars Wenaas/Wenaasgruppen?

Så vidt eg veit er prinsippet «kok-kjøl» på veg ut. Kvifor skal då det brukast i Helsehuset, som elles skal vere topp moderne og ha det siste og beste som finst av metode, utstyr og hjelpemiddel?

Når eg les papira i denne saka (Rauma kommune/Helse og omsorg/ Institusjon/Helsehuset i Rauma) ser det ut for meg at i matproduksjonen er det økonomien, den rimelegaste løysinga og å spare pengar som har første prioritet. Det som er best for dei som skal ete maten, kjem i andre rekkje.

Eg lurer og på: Er det slik for dei som arbeider på grasrota at kravet til lojalitet går berre oppover i systemet? Kvar blir det av lojaliteten nedover til personane /brukarane som treng hjelpa?

Eg reknar med at det er mange andre som og har interesse for dette, derfor ber eg om svar i avisa frå rette vedkomande.