Takk til alle dei 5745 personane i Møre og Romsdal som stemde SV ved stortingsvalet 2017, og velkomne til alle dei nye medlemmene vi har fått! Med 3,9 % av stemmene gjekk vi fram med 1,4 % frå siste stortingsval, 1,2 % frå fylkestingsvalet for to år sidan. I fleire av kommunane låg resultatet over landsgjennomsnittet, med Rauma (8 %), Volda (7,5 %) og Molde (6,6 %) som dei beste. Av dei etablerte partia var det berre SP og FrP som gjekk meir fram enn SV frå siste stortingsval her i fylket. Det er eit svært godt resultat.

Noko av æra skal nok framgangen til partiet i heile landet ha, og ikkje minst innsatsen til partileiar Audun Lysbakken. Dei fremste kandidatane i fylket, med 1. kandidat Yvonne Wold, i spissen, har gjort ein kjempeinnsats. SU, med 3. kandidat Rikke Sørdahl i spissen, gjorde ein stor innsats i skuledebattane. Lokallaga har, i tillegg til det jamne politiske arbeidet i kommunepolitikken, lagt ned mykje arbeid for å synleggjere hovedsakene til SV: mindre forskjellar, fleire lærarar, klima/ miljø og nye grøne arbeidsplassar. Stor takk til alle!

Som kjent vart det ikkje raud-grønt fleirtal, men veksten til partia på venstresida, med unntak av AP, vil prege politikken framover. Diverre mangla det også ein del på at Yvonne Wold fekk plass på Stortinget. Det syns eg er synd: folk i Møre og Romsdal hadde fortent ei kunnskapsrik og engasjert dame som henne på Mørebenken.

Det betyr ikkje at stemmene dykkar var bortkasta. For det første bidrog kvar einaste stemme til å gjere SV sterkare. For det andre var de med på, i tillegg til dei sju direktevalde, å få inn fem på utjamningsmandat, mellom anna Karin Andersen, ei aldri kvilande talskvinne for dei gruppene som ikkje har så høge stemmer, og Arne Nævra, kjend naturfotograf som brenn for å ta vare på natur og miljø.

Sjølv om ikkje Møre og Romsdal SV er representerte på Stortinget, har vi god kontakt med SV sentralt. Vi har to medlemmer i landsstyret, eitt medlem i EØS-utvalet og eitt medlem i Miljøpolitisk utval. Desse posisjonane kjem vi til å bruke aktivt for å kjempe for dei sakene som betyr mest for veljarane våre.

Vi skal stå på for rettferdig fordeling, for auka lærartettleik, for landbruket og distriktsarbeidplassane, for at naturressursane skal tilhøyre folket og ikkje minst: for kamp mot klimaendringane og for å overlevere kloden vår i god stand til neste generasjon.