I Åndalsnes Avis den 5.august skriv AUF leiar Aurora Dimmen Brattli eit lesarinnlegg der ho påstår at: «FrP og Høyre-regjeringa opprettet ingen fleire skuleplassar i 2017.»

Ein ting er klinkande klart. Dette er reinspikka løgn frå AUF-leiaren i Møre og Romsdal. På samordna opptak kan vi sjå at det frå 2016 til 2017 vart oppretta 645 fleire studieplassar i 2017 samanlikna med 2016.

At eit ungdomsparti på AUF sin storleik spreiar løgnar om regjeringa sin politikk har ingen stads i debatten å gjere. Unge Høgre og Framstegsparitets Ungdom ynskjer at debatten skal vere ærleg og faktabasert. Derfor vil vi ha oss fråbedt slike påstandar.

Ungdom har vore prioritert av H/FrP regjeringa. Vi har blant anna fått gjennomslag for 11 månadars studiestøtte, auka frikortgrense, og sørgja for rekordutbyggjing av studentboligar. Her i fylket har vi blant anna fått tilskot til å byggje 120 nye studenthyblar i Volda. Desse tiltaka er med på gjere studentkvardagen enklare, også i Møre og Romsdal.

Samstundes så tykkjer me at me ikkje skal sy puter under armane på dagens ungdom. Av respekt for dagens ungdom, er me nøydt til å stille krav. Regjeringa har derfor innført aktivitetsplikt for ungdom under 30år. Detter er med på å få ungdommen opp om morgonen, og i aktivitet. Noko som er vesentlege faktorar når man skal søkje på arbeid.

I 2017 set regjeringa i verk ein ny landsdekkjande ungdomsinnsats. Der kan arbeidssøkjarar under 30år som etter åtte vekers arbeidsløyse eller er utanfor utdanning , kan få tilbod om individuelt tilpassa oppfølging frå NAV. Vidare så har regjeringa vedtatt å styrke ungdomsinnsatsen med nærare 32,5 millionar kroner. Dette er konkrete tiltak. Arbeidarpartiet har ikkje lova noko konkret, anna enn 15 milliard i auka skattar og avgifter.

Eit parti som Arbeiderpartiet som går til val på høgare skatt, burde også være varsam med å snakke så høgt om skape nye arbeidsplassar. Dei såkalla ”rikingane” som får skattelette er dei same folka som legg igjen store verdiar i lokalsamfunna. Det er desse som gjev mange unge ein lærlinglass, og det er dei som gjer at dei fleste har ein jobb å gå til. Regjeringa trur ikkje skatt er det som skapar og byggjer landet. Det er folk med ein ide og eit engasjement som gjer.

Det er heilt klårt at dei siste åra har vore vanskelege på grunn av oljeprisfallet. På grunn av dette har regjeringa gått hardt ut for å finne ei løysning på problemet. Vi har lagt fram ei rekke tiltak, som vi no kan sjå fungerer. På fredag kom tal frå NAV som viser at det er 22% færre arbeidsledige blant ungdom under 30år i Møre og Romsdal. Dette viser at regjeringa sin politikk fungerer i høgste grad.

I dei komande skuledebattane vil nok AUF påstå at regjeringspartia ikkje har gjort nok for ungdommen og arbeidsløysa blant unge. Når argumenta om at Høgre og Framstegspartiet har vore passive landar på bordet, vil dette også være løgn. Vi kan nemne rekordsatsing på infrastruktur, tiltakspakkar, endringar i arbeidsmiljøloven, og mykje meir. Viss ein verkeleg ynskjer ei regjering som legg til rette for fleire arbeidsplassar, så er ei regjering med Høgre og Framstegspartiet den einaste alternative.