Det var ingen som venta at den liberalistiske jordbruksmeldinga til H og FrP skulle gå gjennom i Stortinget. Men mange hadde sett sin lit til at Venstre og KrF skulle forsvare viktige prinsipp for framtidas jordbrukspolitikk. Det gjorde dei ikkje!

V og KrF gjekk bort frå hovudstandpunktet om auka matproduksjon på norske arealressursar.

V ville ikkje vere med på å gje ekstra incentiv til å utnytte grasarealet i landet, og vil ikkje auke graset sin verdi i forhold til (importert) kraftfôr. V vil heller ikkje vere med og korrigere norsk sjølforsyningsgrad for importert fôr eller opprette beredskapslager for korn, eller utnytte tollvernet. No har Regjeringa handla bort ein mjølkekvote tilsvarande 70 gardsbruk og mange industriarbeidsplassar til EU-landa i EØS-forhandlingane, og det skal bli interessant å sjå korleis V stiller seg til auka mjølkeimport når det kjem opp i Stortinget.

Det er bra at fleirtalet, dvs også V og KrF har sagt at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper skal reduserast og at små og mellomstore bruk skal prioriterast sterkare. Men med dei grepa som V og KrF har vore med på under dei siste jordbruksoppgjera, og standpunkta deira i behandlinga av jordbruksmeldinga er det vanskeleg å sjå korleis dette skal gå i hop. Landbruksministeren frå FrP kan gjerne vere nøgd – store strukturgrep er alt gjennomført, tollvernet er svekka, verdien av grasareal er svekka, jordbruksarealet har gått ned og sysselsettinga er sentralisert. Vestlandslanbruket taper terreng.

SP vil innføre tak på husdyr- og arealtilskotta igjen, ha ein investeringspakke der små og mellomstore bruk blir prioritert og gå imot at kinesarar skal bli jordeigarar i Norge.