Det er ikkje like muligheiter for alle. Etter fire år med FrP og Høyre-regjering er det i år 23 387 kvalifiserte søkjarar som no ikkje har fått studieplass og som denne hausten ikkje får muligheit til å begynne på studiar.

De fire siste åra har antall avviste kvalifiserte søkjarar auka med 69,8 %. Det er for dårlig. Det betyr at mange som ønsker å studere ikkje får den muligheita. Arbeidsledigheten er samtidig høg og fleire opplever få muligheiter på arbeidsmarknaden om dei ikkje studerer meir og byggjer på kompetansen sin.

Vi må gi fleire muligheiter til å studere og bygge kompetanse samfunnet sårt vil trenge i årene som kommer. På NTNU er poenggrensen i år på hele 52,8 i for å komme inn på sykepleie. Samtidig står 709stk på venteliste på sjukepleien ved Høgskulen i Molde. Vi veit at i årene framover kjem vi til å ha eit stort umettet behov for helsepersonell. Da må vi skape fleire studieplassar innenfor helsefagene. FrP og Høyre-regjeringa opprettet ingen fleire skuleplassar i 2017. Det er sjølv om antallet søkjarar til høgare utdanning har økt kvart einaste år dei siste årene.

Det meinar vi i Arbeiderpartiet er for dårlig. Dei som vil ta utdanning skal få muligheit til det. Det handlar om at alle skal få muligheit til å skape seg gode liv og bidra til samfunnet. I møte med eit meir digitalisert arbeidsmarked treng vi utdanna og kompetent arbeidskraft. Derfor må også alle kunne få muligheita til å tileigne seg denne kompetansen. Det gjør de ikkje i dag. For å sikre at alle har like muligheiter må vi skape fleire studieplassar rundt om i hele landet. Arbeiderpartiet går til val på å opprette fleire nye studieplassar, spesielt innanfor teknologi og IKT-fag, samt innanfor realfag, lærarutdanningane og studieretningar innanfor helse.

Alle skal få muligheita til å bli det de vil og til å kunne skape seg gode liv. Da trenger vi en regjering som prioriterer å gi folk muligheit til å studere og bygge kompetanse. Det handlar om å få alle med. Vi må gi folk muligheita til å bidra for at vi skal kunne skape ei betre framtid saman.