Pål Farstad er høgt og lågt for å passe på næringsdrivande sitt ve og vel, det skal han ha. Det ser ikkje ut til å vere noko  unnatak når det gjeld fiske av leppefisk. I følgje Tidens Krav seier han om reguleringane som nyleg kom i dette fisket «At dette slår beina under mange spesialbygde båter, der det står fiskere bak som har trodd på dette og som har gjort store investeringer for å tilpasse så vel hensynet til fiskevelferd og oppdrettsselskapenes behov.»

Viss fiske av leppefisk skal vere berekraftig, må ein hauste av eit overskot. I løpet av kring 10 år har fiskeriet på leppefisk auka frå nesten ingenting til millionar av individ. Naturvernforbundet tok opp dette alt hausten 2010. Vi kjenner vel knapt til at det finst eit fiskeslag der ein kan gjere så store endringar i uttaksmengda utan at det får store konsekvensar, for bestanden og gjerne andre bestandar med. Vi kjenner heller ikkje til noko nytt fiskeri der ein har auka uttaket og så regulert det slik at ein har fått til eit langvarig jamt uttak. Det ender kvar einaste gong med noko som liknar ein kollaps.

Forskingsmiljø, dei skal gjere det forskarar skal, måle det som målast kan. Sjølv om fiskeriminister Sandberg ei tid meinte at dei skulle gjere det næringa var tent med, så driv dei mest med å måle. Når dei har målt, så er det andre si rolle å gjere noko med den kunnskapen som ein har fått. Forskarane kan i grunnen berre måle det som ligg bak oss. Dei kan i høgda dra fram kurvar frå andre fiskeri som har hatt same utviklinga. Sjølv om alle dei andre fiskeria enda med kollaps, kan dei ikkje vere brennsikre på at det er slik med leppefisk også. Men når kollapsen er eit faktum, då kan det på vitskapleg vis slåast fast. Men då er det for seint. Politikarane som skal meine noko og ta rette val, som skal sjå inn i framtida og velje den gode vegen i staden for den humpete, dei må huske på dette. Det er politikarane sitt ansvar at ikkje leppefiskbestanden ender i kollaps.

Naturvernforbundet har i sju år vore spent på kva fiskerimynde ville gjere for å avgrense uttaket av leppefisk. Fiskeriminister Sandberg gjer ikkje særleg mykje med uttaksmengda, men bruker tida på å finne ut kven som skal fiske. Det hjelp kan hende litt, men det er avgjerande kor mykje som blir fiska, ikkje kven som fisker, det må Sandberg også forstå.

Kva er det Farstad gjer? Han talar om fiskarane og oppdrettselskapa sine behov. Sjølv næringspolitikar Farstad må no sjå etter kva som er haustbart overskot når det gjeld leppefisk. Viss dette overskotet ikkje er så stort som oppdrettsnæringa treng og fiskarane ønskjer, så er det leppefisken som bestemmer, ikkje oppdrettsnæringa og fiskarane. Det må sjølv næringspolitikar Farstad forstå. Ta deg ein tur til austover til Oslo, Pål Farstad, og tal leppefisken si sak. Før det er for seint.