Ope brev til Rauma kommune og høgare instansar:

14. mars søkte eg, som leiar i elveeigarlaget, og dotter mi, som eigar av grunnen, kommunen om å få plassere ei lita grillhytte (vel 9 m2) ved bredden av Måna.

I fleire år var hytta plassert attmed elva, men av ulike grunnar måtte ho flyttast, og har ei tid stått ubrukt bak driftsbygninga på Sønstevoll, til ulempe og sjenanse, og ikkje til nytte for nokon. Eg kunne som eigar, utan å spørje myndigheitene, ha flytta ho opp på Øverlandsbakken, i det minste til glede for familien, men ønskte heller at entusiastiske elveeigarar og fiskarar som no gjer ein stor innsats for å bygge opp att fiskestammen i Måna, kunne ha ho som ein triveleg samlingsplass.

For ikkje å gjere noko ulovleg, valde eg likevel å søke kommunen om «flytteløyve». Sjølv såg eg på det nærast som ei orienteringssak, og på kommunekontoret fekk eg ogso inntrykk av at det heile var ei kurrant affære. Men då det etter tre månader ikkje var kome svar, etterlyste eg saka, og fekk vite at ho framleis låg ubehandla. Ein månad seinare var eg på nytt innom kommunekontoret med etterlysing, og fekk, til mi store førbausing, høyre at saka var send til uttale hos fylkesmannen, fylkeskommunen og Noregs vassdrag- og elektrisitetsvesen. Du store alpakka! Ei lita grillhytte, som ikkje forureinar, som ikkje er større enn at ho på pallegaflar kan settast på plass (og om nødvendig flyttast tilbake) av ein alminneleg shovel!

Dette skal altso politikarar og embetsfolk på høgt nivå bruke tid og pengar på! Eg tvilar ikkje på at kommunens folk reint formelt er i sin rett. Men so er det dette med lovens bokstav og lovens ånd. Det må då gå an å bruke litt sunt bondevett, og viss ikkje, må vi sørge for å få eit regelverket som er til å leve med, meiner stabukken på Øverlandsbakkå.

I alle fall: Då det no, snart 5 månader etter at søknaden vart send, ikkje ligg føre svar i denne «store» saka, aktar eg å plassere hytta ved elvekanten so snart mannen med palllegaflane er ledig. I verste fall kan han vel ogso flytte ho vekk att, om styresmaktene finn ut at ho av allmennyttige omsyn må fjernast frå Måna elv. Blir eg bøtelagd for brotsverk mot vassdraget, skal eg vel ogso greie det.