Rettssaka etter den tragiske bussulukka i Valldal i fjor, der eitt menneske miste livet, har aktualisert spørsmålet om trafikktrygging langs nasjonale turistvegar.

I denne saka galdt det vegstandarden; eit anna tema er tryggleiken til dei mjuke trafikantane som ferdast langs vegen. Når staten brukar mange millionar på å lokke turistar til dei nasjonale turistvegane våre, bør den same staten ta sin del av ansvaret for trafikktryggleiken på og langs vegen. Norddal SV har i fleire år hatt saka høgt oppe på dagsorden, ikkje minst av omsyn til borna i Valldal som har dette som skuleveg.

I førre fylkestingsperiode prøvde underteikna å få fylkestinget med på ei fråsegn om dette, noko det diverre ikkje vart fleirtal for. Saka har også vore teken opp av SV-representantar på Stortinget, med negativt svar frå samferdsleministeren.

På SV-landsmøtet i vår vart difor følgjande punkt vedteke i arbeidsprogrammet: SV vil prioritere trygge vegar og betre ferjetilbod i distrikta. Rassikring, vedlikehald, tryggleik, to køyrefelt i heile riksvegnettet, gang- og sykkelvegar langs nasjonale turistvegar og betre ferjetilbod skal prioriterast framfor store prestisjeprosjekt.

Syns du dette er ei viktig sak, kan du ved å stemme Yvonne Wold frå SV inn på Stortinget til hausten sikre at dette ikkje vert gløymt. Det handlar om det viktigaste vi har, borna våre.

Ingrid Opedal Foto: Privat