I KrF er vi for valfridom. Vi vil at alle familiar sjølv skal bestemme om ein ynskjer barnehageplass eller kontantstøtte når barnet er eitt år gamalt. For at dette skal vere reell valfridom, har vi jobba både for å auke kontantstøtta, og for at alle skal få rett på barnehageplass uansett når på året barnet er født.

Det er fødselsboom i juli månad, ein trend som kan skuldast barnehageopptaket, der born som er født seint i året ikkje har rett til barnehageplass. Denne fristen har blitt utsett dei siste åra, så det er ein tendens med lågare fødselstal i juli enn tidlegare. Men framleis er det mykje press på fødselsavdelingane i sumarmånadane. KrF vil gje alle som ynskjer det rett til barnehageplass uansett når på året barnet er født.

KrF ynskjer at barnepass skal skje på familiane sine premiss. KrF har programfesta rullerande opptak, der ein ynskjer å gje alle rett til barnehageplass uansett når på året barnet er født. For å få til dette lyttar vi til barnehagane, som ser på utfordringane med tilgang på pedagogar midt i året. Økonomiske omsyn med støtte basert på inntak på teljedatoane er noko KrF vil sjå på, for å gjere barnehagestarttidspunktet så fleksibelt som mogleg både for familiane og barnehagen.

Vi vil takke alle som tek vare på borna våre, om det er i familien eller i barnehagen – dykk gjer ei utruleg viktig og verdifull oppgåve. Takk for at dykk gjev omsorg og rustar ungane til livet.