Ja, eg vil tale skulen si sak!

Skulen har eit verdifullt område med plass for ulike aktivitetar som sykling, klatring, turning, aking, fotball.... Og skulen har eit historisk bygg som elevane likar å leike ved – og som ligg til rette for praktisk læring om jernalderen. Alt dette ligg i kort avstand frå skulebygget, og det gjer at elevane kjem seg raskt inn igjen til ny time.

Området er dessutan eit estetisk fint naturområde som beriker skulen.

Skulen kan ikkje gje frå seg dette!