Politikarar skal visst ikkje heie på kolleger frå andre parti, i alle fall ikkje når det er valkamp! Vi vil likevel heie litt på leiaren i Samferdsleutvalet i fylket, Kristin Sørheim frå SP.

Og kvifor vil vi det? Jau, fordi ho ved fleire høve har fronta viktige deler av den politikken SV lenge har stått for innanfor samferdsel. Ho har sagt at vi må gjere det viktigaste først. Det er å halde oppe ein god standard på vegnettet vårt, det er å prioritere  trafikktryggleik, fleire gang- og sykkelvegar, betre kollektivtransport og oftare ferjeavgangar. Og – skal vi ha råd til dette, må nokre av dei gigantiske fjordkryssingsprosjekta langs E 39 setjast på vent! Ære vere henne for det! Vonar ho får medhald i eige parti, og ikkje minst i storesøster i ei eventuell ny regjering, AP.

Eitt av hovudkrava til SV i evt. forhandlingar etter valet er at Noreg må gjere vår del av klimadugnaden ved å kutte utslepp heime. Transportsektoren er ei av dei store kjeldene. Det må difor tenkjast nytt på alle område. SV går til val på gule midtstriper, grøne ferjer, lyntog og null/ lågutsleppstransport. Vi vil bruke samferdslepengan annleis!

Vi vil prioritere kvardagssamferdsla til folk i distriktet. Gode og rassikre vegar med gul midtstripe (to felt), trygge tunnelar, ferjer som går når ein treng det (ikkje berre når det løner seg), gang- og sykkelvegar som stimulerer fleire til å gå og sykle til jobb og skule, eit godt og fleksibelt busstilbod folk kan stole på. Og fleire ladepunkt for elbilar for dei som treng bilen.

I staden for ferjefri E 39, inkludert Møreaksen og ein Nordøyveg med stor risiko, skal nye miljøvenlege ferjer erstatte dei gamle. Dei skal gå oftare, og skaffe arbeid til mange av dei som no vert arbeidsledige på grunn av oljekrisa. Det same med hurtigbåtar, cruisebåtar og anna sjøtransport. Ved å stille strenge krav og gje gode rammevilkår til bedriftene, får vi utvikling av ny teknologi og nye grøne arbeidsplasser.

Dersom det framleis er fleirtal for ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden, går Møre og Romsdal SV inn for utgreiing av Romsdalsaksen som truleg vert både raskare, rimelegare og meir effektiv enn Møreaksen, i tillegg til at ein unngår ein 16 km lang undersjøisk tunnel.  Ein slepp også å krysse tettstadene Molde og Helland, i tillegg til at ein får brukt Tresfjordbrua og andre påbyrja prosjekt på ein betre måte.

I staden for å vere europameistrar i fly og bygge ei tredje rullebane på Gardermoen, vil vi bygge lyntog som skal binde landet saman på ein miljøvenleg måte. Lyntog som kombinerer langdistanse, lokaltrafikk og gods vil i tillegg ha store positive distriktspolitiske verknader. Bymiljøavtalar skal gjere byane trivelegare å bu og ferdast i ved å legge til rette for gåande, syklande og superbuss/ bybane, der det er realistisk

Den nasjonale transportplanen regjeringa nyleg la fram, er ein plan for auka utslepp. Det er ein plan for fleire bilar, fleire fly, færre bussar og færre tog. Det er ein plan for fleire motorvegar, meir bompengar, fleire  undersjøiske tunnelar og gigantiske bruer, fleire trailerar og færre gang- og sykkelvegar.

Vi vonar Kristin Sørheim og SV får mange med seg i kampen for betre kvardagssamferdsel for folk, og mindre klimagassutslepp. SV er garantisten for denne politikken i eit nytt fleirtal etter valet!