I år 2000 fekk skulen eit framifrå uteområde, det beste i kommunen. Var det for bra? Er det for bra for elevane ved Isfjorden skule og for bygda?

For nokre år sidan vart det gjort forsøk på å øydelegge det ved å la ein ny adkomstveg til Samfunnshuset gå rett gjennom. No er det planer (meir enn berre planer) om å bruke det meste av det «nye» området til fotballplass. Er det ein stor fotballplass som er mangelvare for elevane ved Isfjorden skule? Er det det som er framtida for uteområde ved skulane her til lands?

Det vart gjort svært interessante funn frå vikingtida då dette skulle bli skuleområde. Er det nokon som hugsar det? Kvinnegrav, far etter fleire hus, osv. For å knyte skulen og bygda til denne soga vart det såkalla jarnalderhuset bygd, nesten på tuftene til dei gamle. Det er ikkje eit skur som står der, men ei unik gjenskaping gjort av fagfolk + mykje dugnad og innsamla midlar og større private gåver. Er ikkje bygda stolt av dette? Er det ei soge som berre skal raderast ut? Me veit frå før at Rauma kommune ikkje har særleg sans for kulturvern.

Finst det folk i posisjon som kan tale skulen si sak?