By- og tettstadutvikling handlar slett ikkje berre om å bygge, det handlar også om kva vi fyller bygga, byromma og gatene våre med.

Ved inngangen til 2015 budde litt over 70% av innbyggarane i Møre og Romsdal i tettbygde strøk. Du kan like det eller ikkje like det, men vi er ein del av den store urbaniseringstrenden. Det er i byane og tettstadane veksten skjer, og den største straumen går til dei største byane. Vi ser også at val av bustad i større grad enn før blir styrt av preferansar – det er derfor avgjerande for regionen vår at vi utviklar dei små og større byane og tettstadane med tanke både på utforming og innhald.

Meir enn gater og plassar. By- og tettstadutvikling er komplekst. Det er lett å assosiere by- og tettstadutvikling med nybygg, transformasjonsprosjekt, oppgradering av gater, torg og leikeplassar. Vi skal utvikle byane, og det er kanskje enklast å sjå for seg noko fysisk – ofte omtala som hardware – på godt norsk. Men by- og tettstadutvikling er meir enn hardware. Det hjelp ikkje med ny gatestein og benkar i gågata viss vi ikkje samtidig har tenkt på innhald og aktivt samspel mellom ulike funksjonar og tilbod, kven som skal bruke dei og når. Byen eller tettstaden består med andre ord også av innhald – software – som også må utviklast.

Programmering – ein x-faktor. Korleis skal vi jobbe med by- og tettstadutvikling? Målet er å skape byar og tettstadar der folk vil bu, jobbe og leve. Skal vi lukkast med det, må vi programmere strategisk. Å programmere i byutviklingssamanheng handlar om å ta stilling til – og velje - kva slags funksjonar og innhald (software) vi ønskjer å fylle bygg, byrom og gater med. Og korleis vi plasserer desse i forhold til og samanheng med kvarandre for å oppnå ønska effekt. Kva slags byar og tettstadar vil vi ha? Kven ønskjer vi å appellere til? Kommunane, i samarbeid med gårdeigarar, næringsdrivande, sentrumsforening og andre relevante aktørar, kan i større grad med fordel programmere meir strategisk, for å oppnå dei kvalitetane dei ønskjer.

1+1=3. Måten ulike funksjonar er plassert i forhold til kvarandre kan gi synergieffektar. Du kan både spare areal og utgifter (ved deling/sambruk eller samlokalisering) og ikkje minst leggje til rette for nye møtepunkt. Eksempelvis kan bibliotek i kombinasjon med kafe føre til meir utlån fordi kafegjestane også stikk innom biblioteket eller motsett. Skulen står tom etter klokka 16 – kan den brukast som grendehus og huse fritidsklubben? Kvardagsfunksjonar som daglegvare, helsesenter, bibliotek, kafe etc. lokalisert opptil kvarandre, kan dessutan bidra til å unngå unødig bilkjøring, og samtidig gi viktige møteplassar.

Nye koplingar mellom næringar, miljø og funksjonar kan føre til spennande utviklingsprosjekt, nye arenaer og relasjonar. Bevisst programmering er med andre ord smart både for økonomi og arbeidsliv, det sosiale livet og miljøet.

Planlegg for folk. Under Arendalsuka i fjor uttalte Svein Mollekleiv i Røde Kors at «det å være involvert, det å vere inkludert, det å høre til, det å få lov å være en del av, det å være en ressurs i eget og andres liv, det er godt for den enkelte, det skaper et varmere samfunn, det er godt for miljøet, men det er også veldig smart økonomisk». Skal vi få til dei gode, sosiale byane og tettstadane, må vi programmere og utforme dei på ein slik måte at folk naturleg kan møtest og bidra til ei sosial, økonomisk og miljømessig berekraftig utvikling. Eldrebølge og einsemd eksempel på samfunnsutfordringar vi kan bidra til å løyse ved god stadutvikling.

Mobilitet – korleis kjem vi til møteplassane? Dersom vi skal ta dei nasjonale og internasjonale klimamåla på alvor, så må vi gjere noko med biltrafikken – også i distrikta. Det handlar ikkje om at vi skal avvikle bilen som transportmiddel, men vi må programmere slik at vi faktisk får til endring. Når er bilen rette framkomstmiddel? Kor parkerer vi i såfall? Når kan vi bruke kollektivtransport, og når kan vi gå eller sykle? Det handlar også om å gjere seg relevant; planlegging for bilbaserte stader er gammaldags og utdatert, og er ikkje noko trekkplaster på innflyttarar heller. Om vi ser dette som ei moglegheit, så kan vi oppnå 1) meir sosiale byar og tettstadar, 2) eit løft for folkehelsa når fleire går eller syklar meir, 3) reduksjon i biltrafikken.

Kommunen som stadutviklar. By- og tettstadutvikling er samfunnsutvikling! Vi kan løyse mange av samfunnsutfordringane og få til den gode samfunnsutviklinga vi ønskjer gjennom målretta by- og tettstadutvikling. Det krev at kommunane tek ei leiarrolle, i samspel med dei andre kreftene i samfunnet.

For å bidra til kompetanseheving, idear og erfaringsdeling, arrangerer fylkeskommunen Tettstadkonferansen i Møre og Romsdal. Årets konferanse går føre seg 7.-8. juni på Åndalsnes, og set i år blant anna sosiale byar og kommunen si rolle som stadutviklar på dagsorden. Foredraga er opne for alle som interesserer seg for temaet.

Foto: Evy Kavli