Framlegget frå Statens Vegvesen er eit tilbod om omlegging til nye takstar og ny rabattstruktur.

Tilbodet er vedteke i Stortinget, og føremålet med ei slik omlegging er at det nye systemet så langt muleg skal kunne føre til eit sams rabattsystem for alle bompengeselskap i heile landet.

Det vil bety at:

Bilar i takstgruppe 1 får sams rabatt på 20%, og alle noverande rabattsystem bli fjerna

Bilar i takstgruppe 2 (tunge køyrety) vil misse heile rabatten dei har og får ingen brikkerabatt i det nye systemet.

Som kompensasjon for dette skal det nye systemet innføre ein reduksjon av noverande fullpris på om lag 10%.

I Stortinget sitt vedtak er m.a. følgjande atterhald:

«For prosjekter som er behandlet i Stortinget før innføring av nytt takst- og rabattsystem, betinger omleggingen til det nye rabattsystemet tilslutning fra lokalpolitiske myndigheter.»

Ser vi på våre trafikantar og deira val  av rabatt i dag, finn vi følgjande resultat:

Passering  av Tresfjordbrua

  • 33%, eller om lag kvar tredje passerande liten bil, har avtale om 50% rabatt som betyr ein passeringskostnad på kr.45,-

  • 45%, eller nær halvparten av alle tunge bilar, har avtale om 50% rabatt som betyr ein passeringskostnad på kr.135,-.

I framlegget frå Statens Vegvesen skal ny  full pris for liten bil reduserast frå kr. 90,- til kr. 84,-. Dette betyr ein reduksjon på kr.6,00 eller 6,33%.20% rabatt av kr. 84,-, som er den nye fullprisen, fører til ei brupassering på  kr. 67,20 som er ein kostnadsauke i høve til noverande system på kr 22,20  = 49,3%.

Tung bil reduserast frå  kr. 270,- til kr. 184,- = kr 86,-.Tung bil får ingen brikkerabatt som då betyr ein meirkostnad i høve til no på kr. 184,- - kr. 135 = kr. 49,- = 36,3% auke per passering.

Våre største brukargrupper får med tilrådinga frå Statens Vegvesen følgjande kostnadsauke per passering over Tresfjordbrua:

  • Liten bil: + kr.22,20  = 49,3% ekstra per passering. Ved dagleg bruk, kr.22,20 x 40 = + kr 888,- ekstra per månad

  • Tung bil: + kr.49,- ekstra per passering.

Passering av Vågstrandstunnelen

31% eller om lag kvar tredje passerande  liten bil gjennom Vågstrandstunnelen, har avtale om 50% rabatt som blir kr. 21,- per passering.

Etter den nye, alternative taksten blir passeringsprisen kr. 32,- for liten bil. Dette er ein takstauke på kr. 11,- = 50% auke

45% eller nær halvparten av alle tunge bilar, har også avtale om 50% rabatt. Dette betyr ein passeringspris på kr.63,-.

Etter framlegget frå Statens Vegvesen, vil ny pris vere kr. 90,-, ein auke på kr. 27,-, i prosent ein auke på 42,9%.

Trafikkmønsteret viser at ein svært høg prosent køyrer både over Tresfjordbrua og gjennom Vågstrandstunnelen. Det er derfor naturleg å summere meirkostnaden ved passering av begge.

  • For liten bil blir det ein meirkostnad på kr (11,- og 22,20) = kr. 33,20 per passering

  • For tung bil blir det ein meirkostnad på kr (27,- og  49,-)   = kr. 76,00 per passering

Vi viser elles til ei presisering i omtalen av det nye takstsystemet der det står: «Ingen gruppe eller bransje skal komme vesentlig dårligere ut enn i dag».

Etter oppstillinga frå Statens Vegvesen ser det ut til at det er våre beste kundar og største brukarar som skal dekke meirkostnaden ved ei eventuell omlegging til ny takst- og rabattstruktur.

Takst- og rabattordninga i dag

Gjeldande   takst- og rabattordning er godkjend av Stortinget og av alle dei lokale myndigheitene som hadde den til handsaming. Ein vesentleg faktor for det lokalpolitiske miljøet var den gong å ta mest muleg omsyn til den delen av lokalbefolkninga som ville bli ekstra berørt av bompengeordninga..

Dette vart, så langt muleg, gjort og dette er framleis like viktig å følgje opp.

Det var i starten litt uro omkring bompengeordninga. Kanskje mest frå lokalbefolkninga på Vågstranda og om bommane rundt Tresfjorden og bruken av den omvendte timesregelen.

I 2016, vårt første heile driftsår, har vi ikkje fått ei einaste klage på bompengesystemet, takstane og drifta av stasjonane.

Tida er derfor ikkje inne for å skape berettiga uro rundt framlegget om alternative bomsatsar, noko vi ser vil kome dersom det nye takstsystemet skulle bli gjort gjeldande for Eksportvegen AS.

Den økonomiske situasjonen

Vi ser ingen nye økonomiske moment som skal gjere det naudsynt med eitt nytt  takstsystem.

Om den økonomiske situasjonen kan vi opplyse  at Eksportvegen AS  i vårt første heile driftsår, 2016, avbetalte kr. 50 mill på vårt lån i Kommunalbanken.

  • Per april 2017 er ytterlegare kr 40 mill avbetalt.

  • Møre og Romsdal fylkeskommune er vår garantist for lånet.

  • Garantisummen var opprinneleg på kr. 858 mill, men den endelege garantisummen vart redusert til kr 760 mill.

  • Per april har nedbetalinga på til saman kr. 90 mill gjort at det samla lånet  no er nede på  kr.670 mill.

  • Rekneskapen for 2016 viser ei bompengeinntekt på om lag kr. 80 mill.

Styret i Eksportvegen AS har gjort følgjande vedtak:

«Eit samrøystes styre vil halde fram med den noverande takst- og rabattordninga.»

Vedtaket vert oversend til kommunane Rauma, Vestnes og Ålesund.

Torgeir Stene

dagleg leiar i Eksportvegen AS