All pengebruk på eitt område går ut over pengebruk på eit anna område. Det er vår oppgåve som politikarar å finne den rette balansen, etter vårt syn. Og her må vi akseptere at vi kan vere usamde, utan å skulde motparten for å vere uansvarleg. Når det på kommune-styremøtet 14. mars var eit stort fleirtal for å drive Vågstranda skole fram til Måndalen skole var ferdig renovert, så vart dette fleirtalet skulda for å bruke pengar som ikkje var på budsjettet for 2017. Det er rett, men i samme møte sa kommunestyret samrøystes ja til å bruke 1,5 millionar til ei kunstgrasbane, som heller ikkje er på budsjettet for 2017. Både Vågstranda skole og fotballbanen måtte i så fall komme opp under budsjettjusteringane seinare i år.

SV har meint, og meiner enno, at det økonomisk bærekraftige og pedagogisk beste for «Sørsida» og framtida er å ha ein barne- og ungdomskole i Måndalen. Det er vårt primærstandpunkt. Men vi er også opne for kompromissløysingar i ein overgangsperiode, når realitetane ikkje er slik vi ønskjer. Og realiteten er at Måndalen skole ikkje blir styrkt ved å legge ned Vågstanda skole no, for elvane går til begge kantar, til private skolar, og i liten grad til Måndalen. Det er reinspikka høgrepolitikk som gjer dette muleg, med oppretting av privatskolar. Det er dette som har gjort det svært vanskeleg å styre skolepolitikken i Rauma. Og dette er i alle fall ikkje SV-politikk.

Kompromissløysinga, som alle burde kunne akseptere, er at Vågstranda skole får leve til ny/oppgradert skole i Måndalen står klar. Det er fullt lovleg å tenkje litt framover, kva som er det beste for noverande elevar på Vågstranda, for framtidas elevar i Måndalen, for skolestrukturen i Rauma, for økonomien i Rauma og for samhaldet i Rauma.