Ein vinter er til endes. Ein Romsdalsvinter også for oss som lever vanlege, heilt alminnelege liv i Rauma utan toppturar, isklatring, produktpakker og attraksjonar for turistnæringa. Visit Nordvest dersom du ikkje følger med i tida! Nei, det er ikkje berre enkelt å overvintre i Rauma kommune for oss som ikkje er turistar og som har vår identitet i andre verdiar.

For ei tid tilbake var det mykje snakk om «identitet» i samband med kommunereforma. Kva er Raumaidentitet? Kva er identiteten til Tindehovudstaden Åndalsnes? Som kjendt lever ikkje menneske av brød åleine; heller ikkje av fjell, turistattraksjonar og festivalar åleine. Men på Næs er det visst berre fjell som gjeld? Eg er lei for å seie det: Men det er noko «åndslaust» over «Åndsløsnes». Ein kunne sakne eit høgt kyrkjetårn i Tindehovudstaden! ( I all byplanlegging er det heilt sentralt.) Så lat oss sjå bak den nye fasaden, Nord- og Sørvegg, Tindetårn, Friskliv, sjølskryt, vinterturisme og sjå korleis det står til i sentrum, sett frå sidelinja:

Den trivelege jernbanestasjonen med kiosk, yrande folkeliv og kjekke jernbanekarar, kvar er dei no? Den hyggelege møteplassen på hjørnet, kvar vart han av? Den nye omsorgsreforma, korleis går det med bilkøyringa? Trusopplæringsreforma, kvar er borna? Samhandlingsreforma, bør den reverserast? Eit seriøst kulturliv, kva er no det? Eit innbydande bibliotek, ein møteplass for alt folket, kven stengde døra? Kunstnarane og kunstlaget, kvar vart dei av? Diktarane, når såg vi dei sist? Ungdom i oppdrag, forsvann dei berre utan oppdrag? Storsatsinga til pinsevennene, kvar vart ho av? Den levande folkekyrkja, kvar er ho no? Den trufaste vesle flokken, kvar held han til? Det høge kyrkjetårnet som peika opp og fram, kven reiv det ned? Den gode naboen, har nokon sett han? Den kloke kulturbæraren på bygdene, er han bortreist? Den trygge og gode gamleheimen, borte vekk! Folk ute på gater og streder, her er ingen å sjå! Eit pulserande lokalmiljø, sommar som vinter, det må vi ha! Tind OG tårn.