I ÅA 14.mars har Dagfinn Wiik, Pensjonistpartiet, eit innlegg om Møreaksen og NTP.

Redaksjonen opplyser at innlegget er forkorta.

Underteikna er ikkje tilhengar av lange avisinnlegg, - tvert imot. Eg er heller ikkje medlem av Pensjonistpartiet. Men på reint prisippielt grunnlag tillet eg meg å stille eit par spørsmål:

Når red. forkortar eit innlegg, er det då:

1) Av plassomsyn ? (Eg har vanskeleg for å tru det med dei store bokstavtypene avisa brukar i overskrifter, og med dei mange opne romma avisa har etter at ho fekk ny layout.)

2) Fordi innlegget, etter redaksjonenes meining, ikkje held mål innhaldsmessig ?