Det er beklageleg at venstresida gang på gang bruker 8. mars til å spreie propaganda mot høyresida, i staden for å bruke energien på å jobbe for auka likestilling. Sist døme på dette er SV sitt lesarinnlegg på tirsdag. Her går dei to representantane knallhardt ut mot regjeringa, og skildrar ho som ein «antifeministisk» «sentraliserings-bulldozer» som «tappar distrikta for offentlege arbeidsplassar». Denne skildringa kunne knapt vore fjernare frå verkelegheita!

Dei aller fleste er einige med SV-representantane om at den lave kvinneandelen i fylket vårt er eit problem. Heilt frå barndommen av har vi lært at vi treng kvinner for å auke folketalet, og dessverre er det ofte unge kvinner som flytter frå distriktet til fordel for meir urbane strøk. Som Wold og Aklestad viser til, har vi berre ni kvinner for kvar tiande mann i alderen 20–40 år i fylket.

Årsaka til denne kvinnemangelen er likevel enklare å forstå enn kva SV-representantane prøver å framstille det som. Møre og Romsdal er eit fylke med mykje industri, som gjer at det blir mange arbeidsplassar i typisk mannsdominerte yrke. Kvinner har ein større tendens til å ta høgare utdanning, og vel derfor sjeldnare slike yrke. Derfor er det svært viktig at det framleis blir satsa på fleire kompetansearbeidsplassar i fylket vårt, både i offentleg og privat sektor. Regjeringa si gavepakke med offentlege arbeidsplassar er svært velkommen i så måte.

Vi treng også fleire kvinner som vil vere aktive i politikken, for å sikre eit mangfold blant dei som skal bestemme i samfunnet. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er ein overvekt av eldre menn i dei fleste politiske organ, noko som kan komme av at det er mindre som hindrar ein godt vaksen mann frå å bruke tida si på politikk. Som eit tiltak for å gjere det enklare for småbarnsforeldre å engasjere seg politisk, ønsker vi i Høyre blant anna å gjere det enklare å få dekka barnepass ved politiske møter. Vi treng absolutt småbarnsforeldre når viktige saker skal avgjerast.

I fleire år har det florert med parolar i 8. marstog med reinspikka partipolitikk som ikkje kan relaterast til likestilling. Eg håper at vi i framtida kan få sjå ei litt meir konstruktiv venstreside, og at vi i alle fall ein dag i året kan samlast om å dra i same retning for å framme like rettigheiter for kvinner og menn.

Med varme ønsker om ein flott og konstruktiv kvinnedag!