Eg forstår eigentlege ikkje dette maset om å få både Romsdalsaksen og Møreaksen ferjefri! Eg kjem då frå ei øy, og har ikkje tenkt over dette med ferja, som eit stort problem. Dersom du har arbeidsplassen på den andre sida av fjorden, og kjem ein sjeldan gong for seint til ferja, eller den er full, ja så har du ein gyldig grunn til denne forseinkinga.

Og når Molde-politikarane og vegvesenet er så veldig opptatte av dette, er det vel mest for at desse ferjene skuggar for sola, når dei er ute og tek seg ein røyk. Det er vel knapt nok ein promille av Moldes befolkning, som har tatt ferja over Romsdalsfjorden til Furneset, i sitt liv, utanom når MFK skal spele kamp mot ÅFK på Color Line Stadion i Ålesund. «Blir dykk sjøsjuke av å sjå ferjene duve ute i dei voldsame bølgjene på fjorden?»

Den einaste fornuftig måten å krysse Romsdalsfjorden på, er Romsdalsaksen med ferje.

Ferjestrekninga vil gå frå Skålhamna i Hjelvika til Sekken. Begge desse stadane ligg då i le for dei fleste vindretningar, og det same gjeld vel overfarten på ca. 3 kilometer. Derfor treng ein ikkje nokon veldig avanserte ferjer. Det beste hadde vore å sette inn to elektriske pendelferjer, med bildekk nede og utsiktssalong med servering av sveler, oppe. Når tida er moden for å bygge dette strekket, har nok alle barnesjukdommar med slike ferjer blitt reinska vekk.

I og med at ein no har ope farvatn mellom Sekken og fastlandet, treng ein heller ikkje høgbruer vidare til Veøya og Sølsnes. Det er vel så pass grunt frå Sekken til Sølsnes at ein kan greie seg med vanlege lågbruer og fyllingar.

Kva er vitsen med den flytebrua over til Åfarnes, som eg ser på teikningane til Romsdalsaksen? Det er då ikkje meir enn tre mil frå Åfarnes til Åndalsnes. Det er vel ca. 10 år til denne utbygginga blir ein realitet. Dei som bur der har nok greidd å finne ei ordning innan den tid.

Dersom eg hadde budd der inne når ferja slutta å gå, ville eg kasta meg rundt og slått opp eit stort skilt med påskrifta: Åfarnes Bubilparkering, både på norsk, engelsk og tysk. Det er vel ikkje mange stader dette ligg betre til rette enn der. Der er då ferdig kiosk med butikk, venterom med toalett, som ein lett kan smekke på eit par dusjar. Og ved å legge ut nokre flytebrygger, kan ein vel få båtfolket dit også. Eigentleg kan ein bygge ut heile strekninga frå Isfjorden til Åfarnes om til eit ferieparadis, no når ein slepp bråket og tilgrisinga frå den store gjennomfartstrafikken.

Planlegginga av strekninga frå Sølsnes til Hjelset, er det Statens vegvesen, som må ta seg av. Det er vel dei som er best til dette, så lenge dei ikkje rotar seg under vatn. Men i og med at dei no skal bygge ny veg mellom Lønset og Hjelset, med midtdelar, er det vel ikkje sikkert at ein treng noko meir enn det på den nye vegen mellom Sølsnes og Hjelset heller. Dette får dei finne ut av i framtida.

Og no når de har spart inn alle desse milliardane på denne fjordkryssinga, er det vel ikkje meir enn rett og rimeleg at ferjestrekninga Hjelvika – Sekken, blir gratis. For då kan passasjerane, gå opp i utsiktssalongen og nyte utsikta, enten inn mot fjella i Romsdalen eller ut mot den vakre byen Molde, medan dei nyt den framifrå delikatessa: svele med sukker eller brunost og kaffi til.

Dessutan kan ein del av desse overskytande, innsparte milliardane gå til å ruste opp E136 i Romsdalen.

PS: Når det gjeld denne gravplassen på Veøya, så har eg min tvil om ein finn restar etter folk der etter 1000 år. Eg tvilar på at det er ein gravplass også. I Vikingtida var då Veøya ein tettstad, med over 300 innbyggarar. Det er ikkje store staden. Og sidan dei ikkje hadde vassklosett der, måtte dei ty til den gode gamle utedassen. Og sidan vinden alltid kjem frå vest, var det nok lurt å ha toaletta bak på haugen, mot aust. Og når dei hadde fylt opp ein do-haug, begynt dei vel på den neste. Det er difor desse arkeologane er så imponerte over alle gravhaugane der.