Frank Sve i rovviltnemnda har til avisa Driva gått langt i å love at Øvre Sunndal skal prioriterast til beite og dermed gå ut av området med mål om ynglande jerv.

Naturvernforbundet går då ut frå at Frank Sve også har sett på korleis målet om dei tre årlege ynglingane av jerv skal bli noko av i Møre og Romsdal. Rovviltnemnda har i alle fall eit ansvar for å legge til rette for tre årlege ynglingar, og det er ikkje noko som tyder på at dette skal bli annleis i framtida.

Sve viser til at det var fire jervynglingar i 2016 i Møre og Romsdal. Men er dette dokumentasjon for at ein vil nå målet? Ein av desse ynglingane var i Trollheimen, ein stad det ikkje skal vere ynglande jerv i følgje forvaltingsplanen. Ei yngling var i området som Sve vil skal bli prioritert til sauebeite, og den vil nok Sve heller ikkje ha i framtida. Dei to siste var i Rauma, eit område som etter alle alternativa framleis skal ha mål om yngling. Får Sve det slik han vil, blei det ei yngling for lite i 2016.

Korleis var det med ynglingane i 2015? Då var det ei yngling, dvs. to som mangla på målet. Dessutan var denne eine ynglinga i Trollheimen, altså ein stad der Sve ikkje vil ha ynglingar når han får det som han vil. Kvalpane frå dette hiet tok SNO seg av. Altså tre ynglingar for lite i 2015.

I 2014 var det tre ynglingar. To av desse enda med hiuttak fordi dei var på plassar der nemnda ikkje vil ha dei. Den tredje ynglinga var i Norddal. Sjølv om det var tre ynglingar, mangla det to på målet i Sve sitt opplegg.

I 2013 var det også tre ynglingar. I Rindal blei det eit hiuttak, i Sunndal på nordsida av dalen var det ei yngling som SNO ikkje fekk tak i. Altså to ynglingar som i Sve sitt opplegg ikkje skal vere der. Den siste ynglinga var i Rauma.

I 2012 var det to ynglingar. Også dette året ei yngling i Rauma. Den andre var på «feil plass», i Surnadal.

Går vi til 2011 var det fem ynglingar i fylket. Ei yngling i Rauma og ei i Nesset var der rovviltnemnda ville ha dei. Dei tre i Sunndal, Surnadal og Rindal var på feil stad, og sistnemnte enda med hiuttak.

Når vi ser kor glade nokre folk blir når Sve lovar Øvre Sunndal fritt for jerv, så kunne det vere noko Naturvernforbundet gjerne også vil bidra til. Men vi har lova jerven å ikkje gjere han huslaus. Skal jerven bort frå Øvre Sunndal, må det vere ein føresetnad at han har ein annan plass å vere. Kan du, Frank Sve, hjelpe oss å finne løysinga slik at det årleg kan bli 3 ynglingar i Møre og Romsdal? Kven er det nye vertskapet, og kor glade blir dei?