Det skulle bli så svært i Isfjorden. Stormbygget vart kjøpt og reve utan at det var vedtatt kva tomta skulle brukast til (men det var visst nokon som hadde tenkt). Det store veggmaleriet skulle stryke med, for det var det ingen som kjende til.

Det skulle lagast ny adkomstveg til Samfunnshuset tvers gjennom det flotte uteområdet, men då dette av ein eller annan grunn ikkje vart gjennomført, kom det ny veg vest for skulen, og bra var det, men det skal finnast ei forskrift som hindra kommunen i å bygge han brei nok!

Så har me fått ny, flott, moderne skule, og alt burde vore berre gaman. Det har vore fokusert på klasserom i det siste, men lista er lang over dårlege løysingar og plassproblem - berre spør dei som jobbar der. Men i følgje ordføraren så er det rektor som skal ordne opp i dette. Eg spør: Kven er ansvarleg for all denne dugløysa?