For ca. 20 år sidan vart alle tre skulane på Sørsida utbygd og pussa opp i løpet av tre-fire år. Rauma kommune la den gongen stor vekt på at alle fekk del i ressursane kommunen hadde. Kanskje var vi for opptekne av rettferd, men det var utan tvil denne fordelingspolitikken som bygde kommunen saman.

I alle tre bygdene vart det lagt ned stor dugnadsinnsats for å gjere utbygginga så rimeleg som råd var. Den gongen, som i dag, hadde Innfjorden og Vågstranda om lag likt folketal og elevgrunnlag. Men der stoppar likskapen slik det er blitt no. Innfjorden har med god hjelp frå Rauma kommune fått privatskule, mens skulen på Vågstranda blir nedlagt. Eg kunne forstått ei slik forskjellsbehandling dersom det var Innfjorden skule, med kort veg til Åndalsnes som vart nedlagt.

I kommunestyret den 31. januar var det «plandebatt» og mange representantar fekk det travelt med å gå på talarstolen for å sende signal til Sørsida då dei no hadde oppdaga kva dei har vore med på og stelt i stand. Janne Søvik heldt eit godt innlegg der ho kravde handling, ikkje signal. Det er eg einig i. Representantane Kjølmoen og Skomsø fronta sterkt dette med å sende signal. Med den kunnskapen eg har om folkemeininga på Sørsida og i Måndalen, så er nok «signaleffekten» til desse to representantane svært låg.

Også ordføraren kasta seg på dette med å sende signal, utan at han visste kva signal han ville sende då ein ikkje har avklart ein del vesentlege faktorar, som han sa.

Ein viktig faktor er at Innfjorden har sin privatskule. Den står fast. Før siste val fortalde ordføraren at Innfjorden fekk privatskule p.g.a. gode relasjonar mellom han og bedriftseigarar i Innfjorden. Er dette ein akseptabel grunn? Slike relasjonar gjeld vel ikkje for Vågstranda når skulen der blir nedlagt. Ein annan viktig faktor i det vi no opplever er at det er innført fritt skuleval. I tillegg er forslag om løyving til utbygging i Måndalen fjerna.

Dette er årsakene til den situasjonen vi no har fått! Om Rauma kommune no ikkje snur og opphevar vedtaket om nedlegging på Vågstranda, så vil elevane derifrå bli spreidd på tre ulike skular til hausten. Kommunen må betale for skyss og spesialundervisning, i tillegg skal Rauma drive barnehage og SFO på Vågstranda. Rauma kommune bør no legge fram eit justert budsjett på innsparinga av det som er vedteke.

Det var vel ikkje å sende borna ut av kommunen ordføraren hadde i tankane, då han skreiv om å løfte blikket å sjå ut over eigne grenser?

Isfjorden har fått ny skule til nesten 100 mill., og alle ekstra sysselsettingsmidlane kommunen fekk vart brukt til å bygge ny veg i Isfjorden.

Likevel kjem det klager både på skulen og vegen. Dette reagerar eg på når eg ser kor lite bygdene på sørsida får.