Sakte bytte vi ut båten med vegen i Møre og Romsdal. Både langs fjordane og ut til øyane. Liv og helse er første prioritet når vi bygg veg i Møre og Romsdal. Hindre at folk utsettast for ras. Siste åra har gang og sykkelvegar kome sterkt både for tryggleik og at fleire finn det lurt å fere på dette viset. Fastlandsforbindelse og vedlikehald av dei vegane vi har er og viktig.

Klima er vår tids største problem og difor kom ideen om å bygge lyntog mellom største byane i Sør Norge. Inspirert av at det mellom Lyon og Paris mest ikkje går fly lenger då toget har tatt over. Eit statsbudsjett kosta Bergensbanen. Ein rekna 300 til 400 milliardar på å bygge tog så flytrafikken blei kraftig redusert. Då vakna nokre og foreslo ferjefri E-39 mellom Kristiansand og Trondheim. Der står kampen i NTP – transportplana og i statsbudsjettet. Lokalt har det medført at ein ser for seg fastlandsforbindelse for øyane og skiping av selskapa Møreaksen for Midsund/Aukra og Hafast for Hareid/Ulstein. Rask transport gjennom fylket har blitt til fastlandsprosjekt. Dei som skal til Bergen vil som vanleg køyre indre veg via Stranda og ikkje ut til Ulsteinvik. Ikkje rart for dei vil spare tid og mykje pengar.

No skal vi krysse fjordane og vi skal ikkje til Kristiansand eller til Trondheim, men vi skal lage ein lokal bu- og arbeidsmarknadsregion. Vegane våre går normalt aust – vest fordi vi skal til Oslo og vidare med folket og eksporten vår. Desse vegane er på langt nær gode nok. Heile E-39 ideen bryt totalt med krav til sikkerheit og framkommeligheit på til dømes vegen opp Romsdalen – Eksportvegen. Hordaland har same problem med at eksisterande vegnett har elendig standard samtidig som politikarar og fagfolk planlegg storprosjekt der folk ikkje reiser. Før bygde vi veg så folk kom seg dit dei skulle, no bygg vi veg så vi får folk til å reise dit nokre av politikarane vil. På jobb ein anna stad. Dette skal vere så bra seier økonomane. Kanskje får vi fleire folk til å kome til fylket vårt om det er lett å sette vekk bilen i det daglege, om turistane får sjå kor vakkert her er, om skolevegen og jobbvegen er lett å gå eller sykle og kanskje til og med brøyta på vinteren?

Vi kjem til å halde fram med å krysse fjordane, men eg trur ikkje vi treng det tempoet det leggast opp til. Fordi vi ikkje har så mange pengar og fordi vi må ta det viktigaste først. Teknologien er og i rivande utvikling for anlegg over vassflata, mens dei under botnen blir dyrare i drift og vedlikehald.

SV er skeptisk til den enorme trafikkveksten som vil kome av gigantprosjekta og kanskje er Romsdalsaksen med eit ferjestrekk på tre km frå Sekken til Hjelvika det mest realistiske dei neste 25 åra. Vestnes – Molde er 11 km. Vi får starta opp med å bygge ein veg som er den mest effektive og vi legg opp til å bygge han på ein slik måte at han kan kome med på statsbudsjettet i fleire omgangar, ikkje berre i Nasjonal Transportplan – NTP, som ein draum.

Fleire av debattantane ropar om at vi driv omkamp og at vi som er for ein anna trasé enn Møreaksen nærast fell fylket vårt i ryggen. Meiner de at når saka kjem til behandling i Molde kommunestyre at eg ikkje skal sei kva eg meiner og ikkje legge fram forslag? Ber de meg om å sette til side folkestyret for eit prosjekt som ikkje eingong fagfolka tok med i NTP? Ber de meg som kommunestyrerepresentant om å ikkje tenke på dei 30 tusen menneskjene som bur i Molde og langs moldestranda? Eg kjem til å gjere kva eg kan for å hindre at dei slepp støy og støv frå ein motorveg der ein no skal kunne køyre i 110 km i timen.

Om vi bygg rett veg til rett tid har vi mykje større sjanse til å kome med. Eller trur nokken at samferdslekomiteen består av noksagtar som kan lurast til å tru at vi bygg ei effektiv transportåre for heile Møre og Romsdal når vi eigentleg driv med fastlandsforbindelse for øyane våre. Sykkelvegar, rassikring, vedlikehald, hindre støy, effektiv transport av folk og gods gjennom heile fylket, ferjer og fastlandsforbindelse. Slik vil SV si prioritering vere og slik er kyst Norge. Det veit samferdslekomiteen. I alle fall mange av dei.