I Tresfjorden har vi eit uttrykk som heiter halvkorings. Etter 31 år som tilsett i Rauma kommune ved Straume skule/Vågstranda skule/oppvekstsenter/skule og 20 år med bustadadresse Vågstranda, føler eg meg som ein halvkorings vågstrending.

Folket på Vågstranda har eit sterkt eigarforhold til skulen sin. Foreldra til dei som no er foreldregenerasjonen ved skulen, tilbrakte utruleg mange timar der med dugnadsarbeid då nydelen ved skulen skulle ferdigstillast for ein god del år tilbake. Alt innvendig målingsarbeid og gardinsying for å nemne noko, vart gjort på dugnad. Derfor føler vågstrendingane og eg som halvkorings vågstrending/tresfjording sorg over vedtaket i kommunestyret før jul.

Etter at Tresfjordbrua vart opna, vart Vågstranda ei bygd med kort reisetid til fleire arbeidsplassar. Det er raskare å pendle til Vestnes enn til kommunesenteret. Vågstranda kunne vorte ein attraktiv stad å flytte til med overkomelege pendlartider både til Vestnes, Molde, Sunnmøre og innad i Rauma kommune. Men kven ønskjer å flytte til ei bygd der skulen blir nedlagt og SFO og barnehage truleg etter kvart vil forsvinne i dragsuget?

Rauma kommune som løftar fana om å vere «raus, ekte og samarbeidsvillig», viser ikkje mykje rausheit til bygda Vågstranda. Bompengar er ein stor utgiftspost for mange familiar. Då vedtar kommunen i tillegg å leggje ned skulen slik at også alt som gjeld samarbeid med skule; foreldremøte, foreldresamtalar med meir må betalast bompengar for. Er desse flotte orda ovanfor berre meint å pryde brevpapira?

Kommunen står på Robeklista. Det er i alle fall ikkje Vågstranda skule som har ført kommunen dit. Vi skjønnar at det er ulike postar i budsjettet og at ikkje alt kan skaltast og valtast med, men det er kanskje råd å forstå for folk flest at det følast urettferdig at Vågstranda skal miste skulen som også er brukt til mykje anna, medan store summar blir brukt til oppgraderingar og forskjønningar i meir sentrale delar av kommunen.

Som alle veit har Vågstranda søkt om å bli privatskule. Det ser ut til at heller ikkje det blir ein realitet. Imidlertid må eg seie at eg reagerte på uttale frå politisk hald før svaret på søknaden om privatskule var kjend. Då vart det uttalt at visst privatskulesøknaden vart innvilga, måtte kommunen sjå på nedleggjingsvedtaket på nytt og kanskje heller halde fram med den kommunale skulen. Tuppen og Lillemor vart vennar til slutt, men her vil altså somme stikke kjeppar i hjula visst søknaden blir innvilga. Dette er frekt, spør de meg. Skattepengane og arbeidskrafta til innbyggjarane på sørsida vil de ha, men kva vil de yte tilbake?

Vågstrendingane vil nok halde fram å bidra med skatteinntekter, men eg trur at mykje av det vågstrendingane har lagt att på butikkar innpå Nes, no vil bli lagt att i nabokommunen. Tar eg ein tur til Vestnes ein laurdag, møter eg fleire vågstrendingar enn tresfjordingar, og eg trur ikkje at denne trenden vil minke. Heller ikkje treng nokon vere i tvil om at foreldre vil prøve å få ungane inn på andre skular, på Vikebukt og i Innfjorden, når ungane likevel ser ut til å måtte fraktast ut av bygda.

Vi ser stadig i media at ungar ned i småskule-, for ikkje å seie barnehagealder, lir av stress og har muskelsmerter. No skal ungane tilbringe mykje tid på buss både morgon og ettermiddag. Ungane i bygda blir kanskje spreidde på fleire skular. Samkjensla i bygda blir mindre og ungane knyter nye kontaktar. På ungars vis vil dei gjerne også besøkje kvarandre på fritida, og finn ein vennar i andre bygder, blir det endå meir køyring og bompengeutgifter. Eg trudde ikkje at det var vågstrendingane som skulle nedbetale tunnelen, men jammen ser det ut til at dei må bidra med ein uforhaldsmessig stor del.

Eg skjønnar at denne saka om skulenedleggjng har vorte ei prinsippsak. Kva med å sjå realiteten i auga – innsparingane blir minimale og utgiftene vil gjerne auke i andre enden.

Lat oss gje ungane ein trygg barndom med nærleik til lokalsamfunnet sitt. Det vil vi tene på i det lange løp. Stress, utryggheit, negative kjensler og ei kjensle av å bli lite verdsette og tatt omsyn til, vil ofte vise seg på andre budsjett seinare.

Politikarane seier at dei må forhalde seg til fakta som føreligg no. Derfor kan dei ikkje ta med i rekneskapen at somme kanskje vil søkje ungane inn på andre privatskular, noko som vil føre til at vinninga går opp i spinninga. Nei, gjer som strutsen og stikk hovudet i sanden.

Lat att auga først, så de kan sjå når de trekkjer hovudet opp att. Kanskje vil de bli forundra?

Målfrid Kjersheim,

lærar ved Vågstranda skule, halvkorings vågstrending og halvkorings tresfjording.