Knut Arild Hareide (KrF) uttalar til Bergens Tidende og VG at han ønskjer å påtvinge store delar av Vestlandet til å anvende nynorsk som administrasjonsspråk. Spørsmålet om målform er visstnok «(…) for viktig til å overlates til lokalpolitikerne åleine» (direktesitat VG 23.11.16).

Kva gjer Hareide meir kompetent til å ta denne avgjerda enn lokalpolitikarane som representerer tverrsnittet av lokalbefolkninga i dei aktuelle vestlandskommunane og som har nær kjennskap til sin eigen administrasjon? Denne saka er ikkje for viktig til at lokalpolitikarane kan ta ei avgjerd. Den er tvert imot for viktig til å kunne avgjerast sentralt.

Nynorsk bør avskaffast fullstendig som tvungen hovudmål på alle ungdomsskular som har det, og omgjerast til eit valfritt sidemål. Det bør og omgjerast til eit valfag på vidaregåande, og avskaffast som tvungent i det offentlege. Majoriteten av den norske befolkninga ønskjer ikkje nynorsk. Frå 2001 til 2015 sank andelen elevar med nynorsk som hovudmål frå 15 til nesten 12 prosent, og ingenting tilseier at trenden snur. Å tvinge folk til å bruke ei målform som mange, blant andre vidaregåande elevar, meiner bremsar deira faglege utvikling, er ikkje løysinga. I Noreg nyttar den klare majoriteten av befolkninga bokmål som hovudmål både privat, på skulen og på jobb, i tillegg til at mesteparten av informasjonen vi tilegnar oss kvar dag på norsk er på bokmål. Sjølv om dei fleste tilsette i administrasjonen i vestlandskommunane snakkar ei dialekt svært lik nynorsk, så må vi ikkje gløyme at det går eit klart skilje mellom talemål og skriftmål. Det er skilnad på korleis vi behandlar informasjon munnleg og skriftleg.

For mange kommunalt tilsette vil Hareide sin nynorsktvang vere ei stor omstilling med tanke på at dei fleste av dei har hatt bokmål som hovudmål sidan barneskulen. Det kan gjere jobben deira unødig vanskeleg. Nynorsktvangen vil og ha konsekvensar for kommunikasjonen mellom det offentlege og det private. Viktig informasjon frå det offentlege kan virke tunglest for mange som ikkje brukar målforma. Skal Hareide sin forkjærleik for den skamlaust romantiserte nynorsken gå framfor god kommunikasjon mellom kommunane og befolkninga?

I Framstegspartiet og FpU kjempar vi for ein enklare kvardag for folk flest, for valfridom og for mindre detaljstyring og overformynderi frå det offentlege. Som liberalist nyttar eg nynorsk og bokmål parallelt med kvarandre, fordi eg ønskjer det, ikkje fordi nokon tvingar meg. Dersom nynorsk er meint å overleve som målform i Noreg, så må det skje på folk sine eigne premissar og basere seg på fri vilje, ikkje statleg overstyring. Viss ikkje det går, så har ikkje nynorsk livets rett. Nynorskkampen må leggjast daud.

At Hareide nyttar sin posisjon til å ville tvinge sine prinsipp over på kommunane, er arrogant, undergravande og unødvendig, og ikkje minst krenkjande mot det kommunale sjølvstyret. La kommunane velje sjølve i første omgang. Er du for viktig for vanlege folk, Hareide?

Vanja Kristin Talberg, Nestformann Romsdal FpU, og Silje Kristin Sjåholm, leiar Giske FrP