Lokalpolitikarane har fått rådmannen sitt budsjett og økonomiplan lagt på bordet. Det har som forventa skapt ein ny runde med uro – særleg for skulebarn og unge foreldre. Forslaget er å legge ned Vågstranda skule, og å samle ungdomsskuleelevane på Åndalsnes. Dette angår 1/3 av barna i kommunen og rammar småbarnsfamiliar på Mittet, Holm, Åfarnes, Holmemstranda, Rødven, Eidsbygda, Gjerdsetbygda, Torvika, Innfjorden, Måndalen og Vågstranda. Ikkje nok med det; det rammar også ungdommar og unge foreldre med ønske om å flytte til desse bygdene.

Innsparinga er 5,4 mill. kr – kva er konsekvensen?

Det er ingen tvil om at stenging av skuleanlegg i dei fleste tilfelle har økonomisk effekt, men det er langt i frå sikkert at innsparinga er så klokkeklar som dei framstilte tala syner. Ein veit at fleire private skular er under etablering og  er klar for å drive lokalskulane vidare. Privatisering av skular medfører at kommunen mistar rammeoverføring frå staten, dersom kommunen ikkje sparer tilsvarande ressursbruk, vil kommunen også tape på privatiseringa. Statleg bidrag for ein elev på barnetrinn utgjer omkring 144.000 kr pr. år  Ei innsparing på 5,4 mill. kr vil dermed utgjere 38 elevar. Men det er ikkje økonomi som er drivkraft for å etablere private tiltak. Det er ein metode for å sikre stabilitet og tryggleik for barnefamiliar. Det ligg eit stort og utfordrande arbeid attom etablering av lokaleigde nærmiljøskular, dette er ikkje investorstyrt!

Det er ei viktig samfunnsinvestering at barn og unge får tilstrekkeleg god opplæring gjennom grunnskulen til å meistre og utvikle seg vidare i livet. Rauma kommune sin årlege «Tilstandsrapport for grunnskulen» syner at kvaliteten i skulane er god, den ligg over gjennomsnittet. Ein les vidare at ein vil ha mykje att av å auke ressursinnsatsen i tidlege skuleår, og at ein viktig føresetnad for læring er eit trygt og godt læringsmiljø. Dette er faktorar som lett kan bli negativt påverka av sentralisering med høge elevtall i kvart klassetrinn. Det vert mindre lærarressursar til kvar enkelt elev, mindre tid til lekser og heimearbeid på grunn av reisetid. Det er ikkje samsvar mellom gode resultat og store klassemiljø. Det er ikkje mål om kvalitetsforbedring i dagens Raumaskule som er årsak til sentraliseringsforslaget.

Rauma kommune har ein samfunnsplan med tydelege mål der det eine målet er 400 nye innbyggarar innan 2025 – greier vi det?

Er endring i skulestruktur eit middel for å nå målet?

Neppe – fordi forutsigbarheit betyr alt for tilflytting. Rauma kommune har posisjonert seg som ein kommune med ambisjon for å være god å bu i for naturglade menneskje. Og det er det mange som er no for tida. Vi har ein unik sjanse til å fylle kommunen med nye innbyggarar dersom vi har arbeidsplassar, attraktive buområde, eit snev av urbanisme og mange hyggelege folk i heile kommunen. Undersøkingar syner at forutan å skaffe seg ein arbeidsplass i buområdet er nærleik til skule og barn sine oppvekstvilkår avgjerande. Rauma kommune har gode oppvekstvilkår – dette må vi oppretthalde for at eksisterande familiar skal få tryggleik for sine barn – og ikkje minst at det vil rekruttere nye familiar som ofte busett seg i ein landkommune rett før den eldste barnet blir skulepliktig. Vi må ta vare på dei familiane vi har og gjere oss mest muleg attraktive for tilflyttarar!

Skulane har også andre samfunnsnyttige funksjonar utover å være ein arena for læring. Telemarksforskning har laga ein rapport som syner nettopp det. Ein skule er ein viktig inkluderingsarena, en sosial samlingsplass, og ein arena for mange organiserte og uorganiserte fritidsaktivitetar. Skuleanlegga har ein nyttig samfunnsfunksjon – vi trenger skulen også utanom undervisninga!

Kva gjer vi?

Rauma Sp har sett på budsjettforslaget med tanke på å sikre Raumasamfunnet best muleg vekst i tråd med samfunnsplanen.  Vi har gått til val på uendra skulestruktur. Derfor er det vårt utgangspunkt å sikre noverande skulestruktur – sikre forutsigbarheit for barn og unge sine oppvekstvilkår. Stadig uro omkring skulestruktur er destruktivt for ei stor gruppe av unge familiar. Det skaper misnøye, og er med å skape geografisk splitting i Raumasamfunnet. Dette har ein for høg pris for dei som er ramma, og det motverker å gjere seg attraktiv for tilflytting. Budsjettforslaget er gjennomgått og det er muleg å finne inndekning for å bevare skulestrukturen!

For Rauma Sp er det viktig å oppretthalde skuletilbodet og parkere den uroa som har vore dei siste åra. Vi meiner dette også er ein viktig føresetnad for å styrke samholdet og identiteten i kommunen, og å utvikle Raumasamfunnet på andre område.

Rauma sine målsettingar må bestå, og vi folkevalte må manøvrere skuta utan å gå på skjær. No er det eit farleg skjær i sikte: «Skulestruktur».  Dette kan ein unngå dersom kapteinen med mannskap brukar sin kunnskap til beste for Raumasamfunnet. Budsjettseilasen er i gang!

Kommunestyregruppe Rauma Sp; Magnhild Vik, Ellinor Torsgård Solheim, Torbjørn Rødstøl, Gudrun Herje Langseth, Mads Langnes, Torbjørn Bruaset, Ole Kjell Talberg