Heimevernsbasen HV-11 på Setnesmoen i Rauma blir lagt ned viss regjeringa får det som dei vil, trass i at det er den einaste basen mellom Bergen og Værnes. Setnesmoen er hovudbase for 3.000 HV-soldatar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Regjeringa ser ut for å ville sentralisere mest mogleg på kortast mogleg tid, og det er gale nok at dette går ut over tenestetilbodet til folk. Men denne gongen kan det også gå utover tryggleiken til folk, og det må stoppast. Årsaka til at Heimevernet kan mobilisere raskt, er nettopp fordi dei er der folk bur. Om leiinga av desse heimevernssoldatane skal flyttast frå Setnesmoen til HV-09 i Bergen og HV-12 på Værnes, vil det svekkje viktige faktorar som nærleik og lokalkunnskap – noko som kan vera heilt avgjerande i ein krisesituasjon.

Nordvestlandet har ein natur som mange stader gir fare for  stein- og snøskred, og området er særleg utsett for ekstremvêr. I regionen ligg det viktige anlegg og installasjonar, knytt til kraft- og energiproduksjon, samt olje og gass. Forsvaret kan bidra ved ulike hendingar som trugar samfunnstryggleiken. Når krisene rammar, vernar HV menneske og viktige samfunnsfunksjonar, som transportårer, straumnett og telefonliner. Alvorlege hendingar kan skje i alle delar av Noreg. Då orkanen Dagmar råka området vårt i romjula 2011, gjorde HV-11 ein formidabel innsats under oppryddinga, både i Møre og Romsdal og i Fjordane. Denne hendinga viste kor viktig det er å ha Heimevernet i området. At Heimevernet må vera desentralisert og landsdekkjande inneber i praksis at vi må oppretthalde HV-11.

Det kjem til å bli meir bruk for Heimevernet i framtida, ikkje mindre. Og HV er mykje forsvar for pengane. Eg og Senterpartiet kjem derfor til å stå hardt på for å behalde Setnesmoen når Stortinget skal handsame saka i haust. Vi er opptekne av å sørgje for forsvarsevne og beredskap der folk bur. Viss ikkje regjeringa får halde fram sentraliseringspolitikken sin i det uendelege, kjem det jo framleis til å bu folk i heile det langstrakte landet vårt.

Forsvaret og Heimevernet kjempar for tryggleiken i landet vårt. No må fleirtalet på Stortinget også kjempe godt for Forsvaret og Heimevernet, og gå imot framlegga frå Regjeringa om å leggje ned HV-11.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet