Ser at ordfører og Per Vidar Kjølmoen er veldig skuffa og lei seg for at HV11 på Åndalsnes skal legges ned. Kvifor det? Dere må jo forstå at staten skal spare pengar. Noreg har ikkje råd til alt. Det kostar dyrt med nye flotte kampfly bl.anna...

Slik eg har oppfatta situasjonen siste månad er at dere synast det er greit med større robuste skolar fordi elevtallet går nedover, og at dere skal spare pengar. Kvifor skrik dere over andre sine bestemmelsar når dykk har vedtatt akkurat det samme i deres eigen kommune?

Altså nedleggelse av Vågstranda skole. I tillegg så har dykk også lovet noe dykk ikkje lenger vil halde. Altså være positiv til ein privat skole. Staten har vel ikkje lovet Rauma kommune at den skulle leggje inn eit positivt ord eller være positiv til at denne forsvarsinnstallasjonen skulle fortsette...

Derfor blir mine tankar at det er merkelig at den gamle trebåten til pappa, ei gammal snekke frå 1968 er meir å stole på en dagens politikar.

Even Solheim, Vågstranda