Etter at kommunestyret i Rauma vedtok å legge ned skulen på Vågstranda frå 1. august 2017, har bygda samla seg om å starte eit privat skuletilbod. Ei levande bygd må i det minste ha barnehage, skule og butikk!

Eit mellombels styre sette i gang prosessen, og i bygdemøte 20. oktober 2015 var Rauma naturskule – Vågstranda SA stifta. Møtet valde å søkje utdanningsdirektoratet om godkjenning som profilskule. Bygdefolket valde vidare å profilere friskulen i tråd med verdigrunnlaget til Rauma kommune og som supplement til Raumaskulen.

Det var viktig å få til eit positivt samarbeid med kommunen, og både rådmann og ordførar gav oss svært positiv respons. Skulen vart lovd om lag same avtale som friskulen i Innfjorden fekk. Det gode klimaet vart stadfesta av eit samla kommunestyre i desember 2015. Då var allereie arbeidet med profilskriv, eigenkapital, læreplanar, budsjett og registrering i full gang, og i januar vart Rauma naturskule – Vågstranda SA registrert i Brønnøysund.

Søknaden til Udir vart sendt innanfor søknadsfristen sist i januar. Eit enormt arbeid var gjennomført med rettleiing og støtte frå fagfolk i høgskulemiljøet i Hamar og Bodø. Alt syntest å gå strake vegen. I tru og tillit til politiske vedtak var vi innstilte på vidare arbeid med skule og barnehage i bygda. Og Rauma ville få ein skule mange foreldre ønskjer seg.

Men så skjedde eitt eller anna. Rådmann og formannskap gjorde ei sjokkerande kuvending. Tru og tillit var snudd til vantru og mistillit. Og vi tenkte: Går det verkeleg an å vere så upålitelege? Nei, ikkje utan alvorlege følgjer for truverdet.

Sjansen til å berge det er framleis til stades, og vi må oppfordre politikarane til å nytte høvet. Støtt Vågstranda og hald fast på vedtaket frå desember 2015.

For oss på Vågstranda er det ikkje aktuelt å flytte elevane til Måndalen. Vi har planlagt og fått kommunalt bifal til natur- og nærmiljøskule for ungane våre i vår eiga bygd. Denne skulen trur vi på, og denne skulen vil vi kjempe for slik rådmann, ordførar og kommunestyre gav oss sterk støtte til for berre eit halvår sidan.

Bygda vår treng eit handslag meir enn ein vond øyrefik.

Arvid Håkon Moe