Her i Måndalen, langs gangvegen frå Oterholm til Voll, strålar gatelyktene døgnet rund. Det kan vere greitt nok i vinterhalvåret, men no når me skriv 26. mai, tregst det knapt nok om natta.

Dette må vere litt av eit energi- og pengesluk, serleg fordi eg reknar med at det kan vere slik langs andre vegar og. Ein skulle tru at det måtte vere råd å utstyre systemet med fotoceller som visste når det var natt eller dag, slik at gatelyktene verkar når det er bruk for dei, og ikkje døgnet rundt til alle årstider.

Bjørn Sæbø